Garthøglia, Nordmarka

Surnadal
208
Besøk
7
km tur/retur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 2019-01-13.

Kort om turen

Dette turmålet ligg langs ein av dei mest populære rundturane på Nordmarka, nemleg traseen til turlangrennet «Nordmarksrunden». Stikk UT!-posten på Garthøglia ligg omtrent der dette løpet brukar å ha drikkestasjon. Turmålet ligg i lett kupert skiterreng, perfekt for familieturen, og byr på mange fine rabbar å raste i.

Turbeskrivelse

På yttersida av den nye, store smørebua ved Nordmarka idrettssenter finn du startpunkt for turen. Gå herifrå rett fram i lysløypetraseen og ta av til venstre etter eit par hundre meter. Følj dette sporet i ca. 3,5 km fram til Garthøglia. Der kan du snu, eller du kan gå ein rundtur ved å følgje sporet til den såkalla «Nordmarksrunden» vidare og tilbake til Idrettssenteret. Heile runden er ein del lengre enn tur-retur, men du slepp til gjengjeld møtande trafikk. Avhengig av forholda blir alternative løyper tråkka inn til Garthøglia, og du kan da oppleve at ruta som er beskrive framfor, ikkje er opptråkka. Du må da fortsette vidare i traseen du går i ut frå startpunktet, og ta av i det første sporet som tek av til venstre ut ifrå lysløypa, og som òg er tråkka. Følj dette sporet fram til Garthøglia. Dei alternative traseane er litt lengre enn den som er beskrive ovanfor og har også litt meir stigning. Det vil gå fram av loyper.net og skisporet.no kva trase som er tråkka sist, og vi anbefaler at du følgjer denne.

Adkomst og parkering

Køyr 6,7 km frå Skei i Surnadal i retning Kristiansund. Her finn du Nordmarka idrettssenter. Sving av til venstre inn til idrettssenteret og køyr så langt inn og bort på parkeringsområdet som du kjem (uten å køyre inn mellom bygningane). Du har da den nye, store smørebua rett framfor deg. På yttersida av bygget finn du startpunkt for turen.

Gratis

Løype på kart

Kart løypeinfo

Forklaring på fargekoder til løypene:

Lengde i km
Preparerte løyper 7
Lengde tur/retur (km) 7
Lengde en vei (km) 3,5
Stigning Meter Grader
Total stigning 177 Høydemeter

Offentlig transport

Nettbuss har fleire ruter forbi idrettssenteret.

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Spesielle forhold

Når den alternative traseen er opptråkka, vil turen til Garthøglia bli ca. 1 km lengre.

Kart

Friluftskart for surnadal

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Inger Merethe Mogstad 30
Thomas Strømme 15
Eldar Myklebust 13
Kjellaug Brørs 9
Styrkår Brørs 9
Lars Lund 8
Bjørn Glærum 6
Anita Blokhus Vikan 6
Otto M. Johansen 5
Gunn Åsprang Lund 5

Besøkslogg

Dato Antall besøk
19. april 2
18. april 1
14. april 1
12. april 1
11. april 1
10. april 1
9. april 1
7. april 1
6. april 1
5. april 1

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: