Løålikjølen, Nordmarka

Surnadal
415
Besøk
10,4
km tur/retur
blå

Kort om turen

Dette er ein familievennleg tur i lett kupert terreng. Det er litt bakkar til å begynne med, men sidan lett turterreng opp til toppen av Løålikjølen. Her kan du gå etter flotte, oppkøyrte løyper, og du kan velje om du vil tenne opp bål ute i det fri eller bruke den opne grillhytta på Løålikjølen.

Turbeskrivelse

Når du først har funne startpunktet, kan du ikkje gå feil. Her er det berre å følgje opptråkka spor inn til Løålikjølen. På tilbaketuren må du følgje med når du nærmar deg startpunktet og sporet deler seg. Renner du til høgre, kjem du til parkeringsplassen vest for Nordmarka idrettssenter. Tek du her til venstre, endar du ved innkøyrsla til idrettssenteret, som i beskrivinga nedanfor er oppgitt som alternativt startpunkt. Hamnar du ved feil startpunkt, er det uansett ikkje noko problem: Det er berre å følgje riksvegen tilbake til bilen din.

Adkomst og parkering

Frå Skei i Surnadal køyrer du ca. 7 km etter riksveg 65 i retning Kristiansund. Etter å ha passert innkøyrsla til Nordmarka idrettssenter på venstre side, køyrer du nokre hundre meter til. Her ligg ein parkeringsplass på høgre side av vegen der du sett frå deg bilen. Følj opptråkka spor herifrå og inn til Løålikjølen.
Viss det er fullt på denne parkeringsplassen, kan du parkere ved Nordmarka idrettssenter og gå det opptråkka sporet som startar rett vis-à-vis innkøyrsla til idrettssenteret.

Løype på kart

Kart løypeinfo

Forklaring på fargekoder til løypene:

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 10,4
Lengde en vei (km) 5,2
Stigning Meter Grader
Total stigning 192 Høydemeter

Offentlig transport

Nettbuss har fleire bussruter forbi startpunktet, men det kan bli ei utfordring å finne ruter som passar med tidspunktet du er ferdig med turen.

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Kart

Friluftskart for Surnadal

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Marit Solvik Næss 30
Lars Lund 21
Siv Anette Aune Reiten 17
Mette Sande 16
Thomas Strømme 15
Gunn Åsprang Lund 15
Roar Nordvik 14
Jo Inge Øverland 11
Eldar Myklebust 11
kristin saurstrø moen 10

Besøkslogg

Dato Antall besøk
22. april 3
20. april 2
19. april 8
17. april 3
16. april 7
15. april 1
14. april 1
13. april 2
12. april 2
9. april 3

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: