Tjønnmyran, Todalen

Surnadal
37
Besøk
1,6
km rundtur
grønn

Kort om turen

Lysløypa i Tjønnmyran i Todalen er ei lita perle fleire burde oppdage. Løypa er ca. 1,6 km lang og går i lett terreng. Det er berre éin bratt bakke i løypa, og denne kan ein unngå ved å gå att og fram same vegen. Her er det derfor muleg å gå fleire rundar for dei sprekaste i familien medan minstemann går sin eine i godt følgje. Like ved startpunktet er det også ein triveleg rasteplass med gapahuk, bålplass og toalett. 

Turbeskrivelse

Lysløypa i Tjønnmyran er ei sløyfe på ca 1,6 km. Du finn Stikk UT!-posten omtrent halvvegs i lysløpa, der du snur og går mot startpunktet igjen. Sidan løypa er ein rundtur, kjem du fram til turkassen uansett kva veg du vel å gå. Held du til venstre når du kjem ut frå parkeringsplassen, får du den flataste traseen.

Adkomst og parkering

Køyr Todalsvegen innover mot Todalen. Etter å ha kryssa elva ved Bruset, fortsett du innover etter Markavegen. Etter ca 2 km held du mot høgre og inn på Dalavegen. Køyr så vidare ein stor km, og sving til høgre der vegen opp mot Tjønnmyran er skilta. Her parkerer du på merka parkeringsplass.

Løype på kart

Kart løypeinfo

Forklaring på fargekoder til løypene:

Lengde i km
Preparerte løyper 1,6
Lengde tur/retur (km) 1,6
Total lengde rundtur (km) 1,6
Stigning Meter Grader
Total stigning 39 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Spesielle forhold

Dersom lyset i lysløypa ikkje er på når du kjem, finn du brytaren på boksen ved lysstolpen rett ovanfor parkeringsplassen - til venstre når du kjem opp i lysløypa. Ein må slå på lyset manuelt (den grøne knappen lengst til venstre), men det slår seg av automatisk kl. 22.

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Dordi Jorunn Halle 12
Kari Margareth Kvendset 4
Ragnhild Ansnes Moe 2
Jon Olav Ørsal 2
Berit Pauline Kårvatn 1
Helge Hoem 1
Lars Lund 1
Even Sande 1
Mali Bæverfjord 1
Ingvar Tormod Båtbukt 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
21. april 1
18. april 1
15. mars 2
14. mars 2
10. mars 1
5. mars 1
3. mars 1
21. februar 1
17. februar 2
12. februar 1

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: