Holtamoan -lysløypa, øvre Surnadal

Surnadal
24
Besøk
2,16
km rundtur
grønn

Kort om turen

Lysløypa i Holtamoen i øvre Surnadal ligg i relativt flatt terreng. Den er derfor veldig godt eigna for både barn som skal lære å gå på ski, og vaksne som ønskjer ein lettare kvardagstrim.


Du finn også turkasse for Stikk UT! ski på denne rundturen.

Turbeskrivelse

Køyr i ca 10 km frå Skei i Surnadal i retning Rindal, og ta av opp til høgre inn på Vindøldalsvegen. Viss du kjem frå Rindal, kjem du til dette krysset rett etter at du har passert Røv mølle og brua over Vindøla. Sving så opp til venstre.


 Køyr ca. 400 meter innover Vindøldalsvegen. Her kan du parkere på høgre side. Gå inn på ein liten stikkveg til høgre, og du kjem straks til skibua ved lysløypa. Følg opptrakka rundtur i lysløypa. Den er ca 2,2 km lang. Turboksen finn du på eit tre i området ved skytebanen, omtrent på det punktet i løypa som ligg lengst bort frå startpunktet ved skibua.

Adkomst og parkering

Du parkerer ved parkeringa som høyrer lysløypa til.

Løype på kart

Kart løypeinfo

Forklaring på fargekoder til løypene:

Lengde i km
Preparerte løyper 2,16
Total lengde rundtur (km) 2,16
Stigning Meter Grader
Total stigning 76 Høydemeter

Offentlig transport

Det er muleg å ta buss dit Vindøldalsvegen startar, men det vil truleg vera vanskeleg å finne ruter som passar både fram og tilbake.

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Spesielle forhold

Når det er snø, blir det tråkka ca ein gong per veke. Dersom lyset i lysløypa ikkje er på når du kjem, finn du lysbrytaren (ein svart knapp) på veggen ved døra til skibua. Lyset slår seg automatisk av kl. 21.30, men viss du treng lys lenger, kan du lett ordne dette ved å følgje instruksjonane på oppslag ved døra.

Kart

Ikkje nødvendig med kart

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Bjørn Glærum 1
Helge Hoem 1
Even Sande 1
Mali Bæverfjord 1
Brit Melling 1
Kristin jenssen Ranes 1
Siv Anette Aune Reiten 1
Inger Merethe Mogstad 1
Gunn Åsprang Lund 1
Marit Moen 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
20. april 2
10. april 1
16. mars 1
14. mars 1
13. mars 1
3. mars 1
26. februar 2
21. februar 1
20. februar 1
19. februar 2

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: