Fremste Haumyra/Lysløypa i Hauane

Norddal
73
Besøk
2,5
km rundtur
grønn

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 2018-12-20.

Kort om turen

Turen går i lysløypa i Hauane, med start på Løvoll. Attraktivt friluftsområde både sommar og vinter. På alle sider er "Hauane" omkransa av verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Folkestien går her, og det er bygd ei gamme i området. Skilta dit.

Turbeskrivelse

Start på Løvoll i Eidsdal. Parkering ved klubbhuset. Turen følgjer lysløypetraseen: Fyrst ned ein kort bakke og over myra mot vest, så opp ei stigning, før løypa svingar framover (sør). Følg lysstolpane, og hald til venstre - då følgjer du løyperetninga og unngår trøbbel med uventa løparar i unnakøyringar rett mot deg. Traseen går i kupert terreng fram mot framre delen av Hauane, før løypa svingar attende og følgjer høgste delen av åsryggen attende. Turposten finn du på toppen av den lange stigninga etter at du har svinga attende i retning nord/ mot Løvoll. Like nord for posten ligg Fremste Haumyra som har gjeve posten namn.


For å få ein fin runde - og framleis halde deg til løyperetninga - held du fram etter traseen mot nord; fyrst over myra, deretter opp ein bakke før du får ei lang unnakøyring nedatt på Skarmyra. Der kjem du attende til startpunktet og kan renne ned siste bakken mot klubbhuset og parkeringsplassen.


Når du fyrst er i Hauane, oppmodar vi deg òg til å leggje turen innom gamma og Laupen (det høgste punktet i Hauane). Det er skilta til desse to turmåla frå høgste punktet i lysløypa (kring 300 meter frå turposten, mot nord). Ta gjerne pause og nyt verdsarvnaturen ved gamma, men hugs å rydde opp etter deg og forlat staden i minst like god stand som då du kom.


Velkomen til Eidsdal IL sitt skianlegg, og GOD TUR!

Adkomst og parkering

Du parkerer ved klubbhuset på Løvoll. Turen startar like ved trakkemaskingarasjen/granfeltet rett sør for p-plass. Kjem du frå Eidsdal sentrum/ferja, køyrer du ca 10 km opp til Eidsvatnet (mot Geiranger). Sving av mot Kleiva (skilta) og køyr ca. 2 km (høgste punktet på vegen). Klubbhuset ligg på høgre side av vegen ca. 100 meter forbi eit gardstun.

Løype på kart

Kart løypeinfo

Forklaring på fargekoder til løypene:

Lengde i km
Preparerte løyper 2,5
Lengde tur/retur (km) 3,58
Lengde en vei (km) 1,79
Total lengde rundtur (km) 2,5
Stigning Meter Grader
Total stigning 89 Høydemeter

Offentlig transport

I realitene så få avgangar at det ikkje er å satse på

Rasfare

Værforholdene og snøstabiliteten kan endre seg raskt, husk alltid å vurdere snøskredfare før du velger tur og rute. For oppdatert snøskredvarsel i Romsdalsområdet og informasjon om hvordan du selv kan redusere din egen risiko, gå til www.varsom.no. Snøskredvarselet vil aldri være en fasit på hvor det er trygt, men vil gi deg mer informasjon om forholdene slik at du selv kan gjøre fornuftige valg.

Kart

Turkart Norddal kommune 1:50.000

Flest besøk 2019

Navn Besøk
monika aarset 39
peik aarset 26
Magne Haugen 1
Siv Lindis Godø 1
Kari Løvoll Dalhus 1
Bjørn Vadset 1
Evy Walderhaug 1
Harry Haugen 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
21. februar 2
20. februar 2
19. februar 2
18. februar 1
17. februar 1
16. februar 2
15. februar 1
14. februar 2
13. februar 2
12. februar 2

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: