Haugasetra, Lykkjeeidet

Surnadal
290
Besøk
3,07
km tur/retur
blå

Kort om turen

Dette er ein kort tur, berre 1, 5 km, men såpass bratt at den passar godt som ein rask trimtur på kveldstid. Stien er tørr og fin, og startpunktet er lett tilgjengeleg. Målet for turen er tuftene etter Haugasetra som før låg oppå liabruna her.

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen går du tilbake til krysset. Der kryssar du vegen og tek inn på merka og tydeleg sti på venstre side av buss-skuret. Etter ei stund kjem du inn i ein sving på ein nyleg opparbeidd skogsveg. Hald deg i ytterkant av svingen, kryss grøfta, og ta inn på skogsvegen som skrår seg oppover lia. Følj så merka trase oppover til den tidlegare setervollen.

Adkomst og parkering

Køyr til Todalskrysset. Det ligg ca. 9 km frå Skei i retning Kvanne. Frå Kvanne ferjekai er det ca. 6 km til krysset. Sving inn på Todalsvegen, men parker straks på parkeringsplassen ovanfor vegen.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3,07
Lengde en vei (km) 1,53
Stigning Meter Grader
Total stigning 304 Høydemeter

Offentlig transport

Det går fleire bussruter forbi startpunktet, men det er lang tid mellom avgangane, så det vil truleg vera vanskeleg å få rutene til å passe med denne korte turen.

Spesielle forhold

Turmålet er tuftene til den eldste setra til Haugagardane. Det vart setra her fram til 1925. Etter dette setra begge Haugagardane i Kvenndalen. I dag er alle bygningar borte, men vi kan enno sjå spor i terrenget etter tidlegare aktivitet. Mellom anna ligg steinhylla som låg ved inngangen til setra igjen.

Kart

Ikkje nødvendig

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Kari Hausberg 6
Marit Haugen 4
Helge Kroknes 3
Solvor Røen 3
Otto M. Johansen 2
Ingrid Honnstad 2
Kari Innerdal Hunnes 2
Erling Fiske 2
Møyfrid Torvik Røkkum 2
Gunn Eline Børmark 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
28. oktober 1
24. oktober 1
21. oktober 1
20. oktober 1
15. oktober 4
13. oktober 2
10. oktober 2
8. oktober 1
4. oktober 1
28. september 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: