Svartvatnet, Bøverfjorden

Surnadal
510
Besøk
3,2
km tur/retur
blå

Kort om turen

Ein tur til Svartvatnet har jamn stigning, men er kort, og passar derfor like godt til ein treningstur på ettermiddag som ein søndagstur saman med dei minste. Eller kva med ein overnattingstur? Rundt vatnet er det nemleg fleire stadar som er godt eigna for camping, og tek du med fiskestonga, er det også muleg å prøve fiskelykka. Du kan nyte vakre, kvite vassliljer som blomstrar om sommaren eller sjå liljeblada i intens fargeprakt om hausten. Turen opp til Svartvatnet er blitt lettare enn før etter at det nyleg vart ny skogsveg opp dit, så her er det ingen grunn til å vente. Vakre Svartvatnet ventar på deg!

Turbeskrivelse

Eit par hundre meter ovanfor det første huset i Bæverfjord (på Nordmarkssida) går det opp ein skogsveg. Dersom ein følgjer denne vegen oppover, og ikkje går inn på sidevegar, hamnar du ved Svartvatnet.

Adkomst og parkering

Like ovanfor det første huset du kjem til når du kjem ned Nordmarka til Bæverfjord.

Du kan parkere på ein liten lunningsplass på nersida av vegen rett ovanfor startpunktet eller ein smal lomme på øversida av vegen nedanfor startpunktet.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3,2
Stigning Meter Grader
Total stigning 250 m Høydemeter

Offentlig transport

Det går bussar forbi startpunktet, men dette er ein såpass kort tur at det skal godt gjerast å få det til å klaffe med dei relativt få bussavgangane

Spesielle forhold

Etter at det er bygd ny skogsveg, har denne turen blitt ein joggeskotur.

Kart

Fjordruta

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Øyvind Magnor Bøe 61
Norunn Holten 21
Helge Kroknes 17
Ola Sæther 9
Sissel Gravvold 9
Kari Sæther 8
Marta Aarnes 7
Siv Anette Aune Reiten 6
Tone Svensli 5
Inger Marie Berg 5

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 4
27. oktober 1
25. oktober 1
24. oktober 1
23. oktober 2
22. oktober 1
21. oktober 3
20. oktober 1
18. oktober 2
17. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: