Duå

Gjemnes
324
Besøk
14
km tur/retur
rød

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 15/5. 15.mai: Når snøen er smeltet.

Kort om turen

Tur med fin utsikt både utover havet og innover fjella på Nordmøre og i Romsdal.  Varde på toppen av Duå.

Turbeskrivelse

Turen startar ved Osmarka skistadion, kor du allereie frå parkeringsplassen ser Duå i nordvest. Følg grusstien i lysløypa i knapt 1 km til løypa kryssar skogsbilvegen. Ta til venstre og følg skogsvegen i om lag 1 km til. Etter at du har passert elva og fortsatt nokre hundre meter, tek du til venstre inn på ein traktorveg (bomveg). Denne vegen følgjer du i godt over 1 km. Når du har komme opp bakken og eit par hundre meter til, tek du av vegen over ei lita trebru og følgjer sti opp til Duålisetra.  På setra er det plassert kvilebenkar. Gå forbi seterhuset og vidare langs gjerdet nordvestover mot Duå. Etter kort tid kjem du til eit kryss kor du kan fortsette rett fram til Stortolla. Her skal du ta inn på stien opp til høgre. Gå gjennom skogen og etter kvart over i meir myrlendt terreng. Du passerer forbi Duålia (på høgre side) og inn gjennom et lite dalsøkk. Følg merkinga vidare mot Duskaret, der du har utsikt mot Skeidsdalen/Øre og Gjemnesstranda på den eine sida, og mot Osmarka på den andre. Frå Duskaret er det delvis utydeleg sti vidare. Det er derfor godt merkt med raudmåling både på stolpar, stein og fjell. På nokre stolpar er det festa band. På slutten er det bratt på den eine sida, men greitt å gå. Plutseleg dukkar varden opp. Dette er den eineste ruta som er merka til Duå frå Osmarka. Tilbake er det lettast å følgje same veg som opp. Kjenner deg trygg, kan du også ta (mange) andre ruter tilbake mot Osmarka. Går du litt i søraustleg retning frå varden, vil du sjå Duålisetra. Setra vil kunne vere ein grei vegvisar. Du kan også starte og avslutte turen frå Skeidsdalen (https://mrfylke.no/Morotur/Turar/Duaa-fraa-Seterdalen-Skeisdalen), Sollia/Botterlia eller Duåsen. 

Adkomst og parkering

Følg FV665 til Heggem. Følg skilting mot skistadion. Etter knapt 100 meter svingar du inn til høgre ved den nedlagte skulen.

Parkering (gratis) mellom den nedlagte skulen og idrettsplassen.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 14
Lengde en vei (km) 7
Stigning Meter Grader
Total stigning 625 Høydemeter

Kart

Norge-serien, Kristiansund

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Arvid Dalen 4
Eva Sande Ulset 3
Åse Botterli 2
Solfrid Kleivenes 2
Geir emil Angvik 2
Ella Vatn 2
Jan Helge Stene 1
Kjell Ytrelid 1
sonja gjetøy 1
Ivar Kristiansen 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 1
26. oktober 5
20. oktober 5
19. oktober 1
18. oktober 1
16. oktober 2
13. oktober 3
12. oktober 2
10. oktober 3
9. oktober 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: