Ikorneset, Høgset

Gjemnes
2479
Besøk
1,3
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Turen ut til Ikornneset går gjennom eit etablert frilufts- og fornminneområde. Området er tilrettelagt med toalett ved turstart, bord og benkar, badeplass og fine fiskeplassar, og det er sett opp fleire plakatar med informasjon om kva ein kan sjå og oppleve her ute.  Turmålet og Stikk UT!-koden ligg på toppen av den ytste delen av Ikornneset, med godt utsyn til både Meeknoken og Freikollen.

Turbeskrivelse

Sjølv om dette er ein kort tur, er det stor variasjon i type terreng. Turen startar like til venstre for toalettet ved parkeringa. Herifrå er det om lag 200 meter med grusa turveg før du skal ta av til venstre langs strandkanten. Etter om lag 50 meter langs sjøkanten, skal du ta av til venstre og følge ein sti vekk frå sjøen. Første del av stien går gjennom open blandingsskog, kor sjølve stien kan vere litt vanskeleg å sjå. Etter at du passerer ei gravrøys på høgre side av stien, blir stien tydelegare gjennom barskogen. Her er det ein del røter som kan bli glatte i vått vêr. Etter eit nytt parti med blandingsskog, kor stien er godt synleg, kjem du fram til ein trebenk. Her skal du ta til venstre og straks etter ser du turmålet oppe på toppen. 

Kulturminne

På Ikornneset ligg det rundt ti gravrøyser, samt nokre små røyser, åkerreiner og gardfar. Gravrøysene, som er bygde av rullestein, er typiske kystrøyser og har varierande storleik. Dei to største kan imponere med eit tverrmål på omlag 15 meter og ei høgd på to meter. Det er usikkert kor gamle desse gravrøysene er, men stammar truleg frå jarnalderen (2000 f.Kr. - 600 e.Kr). Kjelde: Kulturnett Møre og Romsdal

Adkomst og parkering

Turen startar i Einnesvegen, ved det gamle meieriet på Høgset. Hit kjem du lettast med bil, men bussen mellom Molde og Kristiansund er eit godt alternativ, med stopp på E39 like ved Gjemnessundbrua.

Kjem du frå Gjemnessundbrua og E39, følgjer du FV279 (skilta Gjemnes og Eide) i knappe to km. Avkøyringa inn på Einnesvegen er skilta Ikornneset. Hald rett fram forbi innkøyringa til næringsanlegget og parker ved toalettet. Frå Eide er det vel 20 km langs FV279 fram til Einnesvegen.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 1,3
Lengde en vei (km) 0,65
Stigning Meter Grader
Total stigning 1 Høydemeter

Offentlig transport

FRAM si ekspressrute mellom Volda og Kristiansund passerer Gjemnessundbrua. Herifrå er det 1,7 km å gå langs FV 279 til turstart i Einnesvegen. Sjå http://www.frammr.no/ for reiseplanleggar.

Spesielle forhold

Det vil truleg vere geiter her på beite i løpet av sommaren. Vis omsyn.

Det er sjeldan mykje snø i området, og turen er derfor tilgjengeleg store delar av året. Det kan likevel legge seg is, så broddar kan vere godt å ha.

Kart

Norgeskart-serien blad 035 Hustadvika og 128 Kristiansund-Sunndalsøra.

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Dagfrid Løkvik 91
lauritz martin olsen 54
Sigrid Anne Heggem 24
liv borghild bjerkeset 24
Astrid Hektoen Korsnes 17
Solfrid Dverseth 15
Geir emil Angvik 13
Are Uran 12
Dagfinn Sylthe 12
Elin Søvik Syltesæter 12

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 6
30. oktober 5
29. oktober 4
28. oktober 4
27. oktober 7
26. oktober 16
25. oktober 2
24. oktober 2
23. oktober 1
22. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: