Litlvatnet, Åndal

Gjemnes
908
Besøk
3
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Turen startar i flott seterlandskap, og går innover langs ein lettgått grusveg. Langs vegen kan du møte dyr på sommarbeite, og du får utsyn til fleire vatn, tussar og andre fjell. Er dagsformen bra, er det muleg å ta turen vidare oppe på Bjørnen og Luten. Turen er trillevenleg.  Turmålet er lagt ved grusvegen, nokre meter ovanfor vasskanten. Her er det benk å nyte nista si ved. Retur same veg som du kom. På ein god dag er det ein flott, men noko lengre og meir krevjande tur, å gå vidare opp på Bjørnen og eventuelt også vidare på Luten, før ein returnerer tilbake til utgangspunktet.

Turbeskrivelse

Turen startar ved parkering på Åndalssetra. Herifrå går du først over ei lita bru, før du følgjer grusvegen innover og til endes. Det er bom over vegen like etter brua, men her er det god plass å gå rundt. 

Kulturminne

På veg opp til startpunket for turen, køyrer ein gjennom eit omfangsrikt kulturlandskap. Vel oppe på Åndalssetra har det vore seterdrift lenge, og det er i alt nemnt 48 ulike buer i bygdaboka. Nokre av desse er det i dag berre restar av, medan andre er tatt godt vare på eller nybygde kopiar. I dag er området framleis brukt til sommarbeite.

Adkomst og parkering

Frå Molde: Følg E39 til du er på veg ned frå Fursetfjellet. Ta av ved skilt mot Åndal (FV286). til høyre ved veikryss. Etter du har passert elva i botnen av dalen, tek du til venstre og følgjer denne vegen i 7,5 km.

Frå Kristiansund og FV666 held du fram på E39 forbi kommunesenteret på Batnfjordsøra. Etter om lag 4 km, ta av ved skilt mot Åndal (FV286) og følg køyreruta som skildra frå Molde.

Det er bomveg, parkering ved slutten av grusveien/stengt bom ved Trolldalselva på Åndalssetra.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3
Lengde en vei (km) 1,5

Spesielle forhold

Åndalssetra og området rundt er beiteområde for dyr. Vis omsyn.
Fiskekort kjøpes ved bommen.

Kart

Norgeskart-serien blad 035 Hustadvika.

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Endre Romuld 13
Rune Silseth 12
eirik romuld 10
Toralf Sæther 7
Kjersti Skarshaug Todal 5
liv borghild bjerkeset 4
Gerd Inger Leivdal 4
Nils Aasen 3
Inger Norun Hjellnes 3
Eva Sande Ulset 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 1
30. oktober 3
27. oktober 3
26. oktober 2
20. oktober 16
19. oktober 12
16. oktober 3
15. oktober 1
14. oktober 5
13. oktober 13

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: