Orsetsetra, Torvikbukt

Gjemnes
781
Besøk
5,2
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Ein lett tur som går på godt opparbeidde skogsvegar. Ein fin kveldstur på sommarkveldar, der du kan nyte solnedgangen bak Gjemnessundet og Averøya.  Målet for turen er oppe på Orsetsetra, med flott utsyn over bygda under, fjorden, og Bergsøya og Averøya utanfor.

Turbeskrivelse

Turen startar ved Gjemneshallen. Gå over brua like ovanfor skulen, i retning Orset. Ta av til høgre i andre krysset og følg traktorveg opp bakken. Her passerer du restane etter den gamle hoppbakken (Vollabakken), samt Torvik vassverk sitt anlegg. Kryss brua over Myrdøla og gå fram til gapahuken. Her kan du ta ein liten rast og nyte utsikta over bygda. Deretter tek du til høgre opp traktorvegen og følgjer denne heilt fram til Orsetsetra. Det kan vere litt grovt underlag enkelte plassar i vegen. Ved passering av elva Myrdøla kan du gå ei alternativ rute langs elva og fram til Vollasetra. 

Kulturminne

Orsetsetra er ein gamal seterstøl kor du framleis finn restar etter fleire av seterbygningane. Her har det vore setring heilt sidan 1700-talet. Seterdrifta tok slutt i 1953.

Også på veg opp til turmålet, treff du på fleire kulturminne. I Myrdøla, like opp for der du kryssar elva, ligg restar etter fleire kvernhus. Her hadde gardane på Orset sine kvernhus.Tek du vegen opp langs elva, kjem du så til Vollasetra eller Myrdølsetra. Her er det berre murane og solide steinutgardar att frå setertida.

Adkomst og parkering

Turen startar ved den store idrettshallen (Gjemneshallen) i sentrum av Torvikbukt (nokre meter opp langs FV289 frå FV666).Parkering ved hallen eller skolen.

Offentleg parkeringsplass ved idrettshallen (Gjemneshallen).

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,2
Lengde tur/retur (km) 5,2
Lengde en vei (km) 2,6
Stigning Meter Grader
Total stigning 313 Høydemeter

Offentlig transport

Buss frå Batnfjordsøra til Torvikbukt fire gonger dagleg. Se www.frammr.no

Kart

Norge-serien, Kristiansund.

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Jorid Børset Humstad 101
Eva Sande Ulset 16
Astrid Hektoen Korsnes 15
Sigrid Anne Heggem 12
Solfrid Dverseth 10
Birgit Orset 9
Annlaug Engen Orset 9
Alma Hodne 7
Kari Sødal 7
Stian Aasmyr 7

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 3
30. oktober 4
29. oktober 3
28. oktober 4
27. oktober 6
26. oktober 3
25. oktober 4
24. oktober 3
23. oktober 2
21. oktober 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: