Silsetvatnet rundt

Gjemnes
980
Besøk
8
km rundtur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 15/5. avhengig av snøsmelting

Kort om turen

Flott tur rundt Silsetvatnet, der du kan få med deg både kulturminne, gode fiskeplassar og rasteplassar m.m. Turen går for det meste på fast grusveg, og er trillevennleg.  Silsethytta med si historie ligg langs ruta. Det same gjer både Indergardssetra og Gammelsetra, med fleire bygningar og kulturminne frå ei aktiv seterdrift. På turen går du forbi Stokkåsen fjellgard. Vidare passerer du også demninga og rørgata frå Silsetvatnet.

Turbeskrivelse

Denne turen kan du starte frå fleire plassar langs bilvegen som kjem opp frå Silset. Men vi rår til at du parkerer på Indergardssetra. Frå parkeringsplassen går du ca 100 m tilbake ned bakken og til venstre inn skogsvegen mot Randa. På vasskillet ved Randa, tek du til høgre ned stien mot Stokkåsen. Her går du på sti ca 200 m fram til den gamle fjellgarden i Stokkåsen. Dette er det einaste partiet med sti. Frå Stokkåsen følgjer du traktorvegen ned bakken til demninga ved Silsetvatnet. Her kan du gå over demninga, eller du kan gå 100 m ned bilvegen og krysse elva på bru. Langs heile vestsida av vatnet går du på god traktorveg. Stikk UT!-posten ligg om lag 1 km frå demninga. Ved nordenden av vatnet kjem du inn på bilvegen att, og etter ca 1 km kjem du til Silsethytta. Ho er ikkje open, men kan leigast etter avtale med Kristiansund idrettsforening. Følg vegen vidare fram til parkeringsplassen på Indergardssetra.

Kulturminne

Silsethytta var bygd i perioden 1911-1914, av Kristiansund idrettsforening. Hytta vart bygd som skihytte først og fremst for kristiansundarar, og var base for stor aktivitet framover til midt på 1960-talet. Da hytta vart bygd var ho ei av landets flottaste skihytter. Hytta har dei siste åra gjennomgått ei kraftig rehabilitering, og er i dag tilgjengeleg for utleige.

Gammelsetra har i fleire hundre år vore seter for gardane på Silset. Framleis står mange av seterhusa godt vedlikehalde og fortel historia frå ein lang periode med utnytting av ressursane i fjellet.

Indergardssetra har hatt seterdrift i mange generasjonar. Fleire seterhus står her framleis, og flotte steinutgardar omkransar ein grøn og fin setervoll.

Nåstadsetra er det lite att av. Men framleis finn står murane og deler av steinutgarden att. Setra ligg høgt og fritt med utsyn over Silsetvatnet, Fannefjorden og Romsdalsfjella.

Stokkåsen er ein fjellgard som ligg 310 m over havet ved sørenden av Silsetvatnet, ytst i Randa. Garden vart rydda som eigen gard først på 1600-talet, og vart fråflytta i 1753. Etter den tid vart ho bruka som seter. Framleis står den gamle seterbua att. Denne bygninga og staden har fått karakteren svært verneverdig og det er no sett i gang tiltak for å få restaurert bygninga

Utmarksslåtten har gjennom generasjonar vore ein svært viktig ressurs for bøndene nede i bygda. Her vart store høyavlingar hausta kvar sommar og lagra i høyløene for så å bli frakta til gards med slede og hest på vinterføre. No er det ikkje mange att av desse høyløene, men framleis kan vi finne ei i Randa.

I heile området mellom Istad og Silsetvatnet finn vi mange installasjonar knytt til kraftverksutbygginga til noverande Istad Kraft. Anlegget vart bygd ut i perioden 1918 – 1942 og inneheld kanalar, demningar, rørgater og kraftstasjon i Grønndalen, Langlia og på Istad. Anlegget fortel om ei ny utnytting av ressursane i fjellet. Vatnet og fallrettar er no meir verdifullt enn utmarksslått og seterdrift.

Gjennom ein flott tur i fjellet, vil både store og små her få informasjon og kunnskap om bruken og utnytting av fjellet som ressurs gjennom mange hundre år. Dette vil ikkje minst vere svært verdifullt som eit pedagogisk opplegg til skulebruk. Men også andre kan her kombinere friluftsliv med historie.

Adkomst og parkering

Ta av frå E39 på Silset (ca 2 km frå Batnfjord sentrum i retning Molde). Følg bomvegen til Silsetfjellet og parker ved Indergardssetra. Du kan også parkere ved Silsethytta. Eit alternativ er å køyre frå Istad og fram til demninga på Silsetvatnet.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 8
Lengde en vei (km) 0,00
Total lengde rundtur (km) 8
Stigning Meter Grader
Total stigning 239 Høydemeter

Offentlig transport

Fram (http://www.frammr.no) køyrer ekspressbuss på E39 mellom Molde og Kristiansund. Denne stoppar på Silset, med avgangar om lag ein gong i timen på kvardagar. Frå busstoppet er det i overkant av 2 km opp til Silsetvatnet.

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Rune Silseth 18
Margrethe Brunvoll Olsson 6
Astrid Hektoen Korsnes 6
Kjell Ove Visnes 6
Lena Moltu 6
Bjørn Olsson 5
liv borghild bjerkeset 4
Edith Skjølsvik 3
Dirk Wolfermann 3
Håkon Silseth 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
28. oktober 2
27. oktober 6
26. oktober 6
20. oktober 5
19. oktober 6
18. oktober 3
17. oktober 8
15. oktober 1
14. oktober 4
13. oktober 16

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: