Fjørtoftneset

Haram
216
Besøk
6
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Denne turen byr på veldig flotte natur- og kulturminneopplevingar, med eit rikt dyreliv og vakker kystnatur. Størsteparten av området er verna naturreservat, og ein finn fleire gravrøyser i området. Reservatet er også eit veldig viktig hekkeområde for sjøfugl. Villsauer beiter her, for å halde vegetasjonen nede.Turen går ut til fyrlykta ytst på neset, og er fin for heile familien. Heilt ute med fyrlykta kan ein nytte grillplassen eller nyte nistematen sin.

Turmålet er fyrtårnet, yst på Fjørtoftneset. Her finn du trimpostkassa.

Turbeskrivelse

Du startar ved fjøset som ligg ved starten av grusvegen. Derfrå følg du traktorvegen eit stykke, før han går over i en tydeleg sti. Det er mogleg å sykle/køyre langs traktorvegen fram til han går over til sti. Du kan parkere fleire stader langs vegen. Når du kjem til steingarden som markerer starten på stien, går du også inn i det som er naturreservatet. Heile vegen er det ganske flatt, og stien går stort sett over lyng og gras. Du møter også litt berg og stein, som er å forvente for ein sti langs fjøra. Det er lett å kome fram til turmålet for dei fleste.

Kulturminne

Det ligg 5 gravrøyser i nordenden av reservatet på Fjørtoftneset. I tillegg kan ein sjå ringattollen rundt fyrlykta på neset, som er ein ringforma voll med kampesteinar.
Dette er skrive på Naturbase:
Reservatet ligg vest på Fjørtofta ut mot storhavet. Langs sjøen er det fleire knausar med snau berggrunn og store rullesteinryggar. På nordsida er det eit langgrunt strandområde med skjer utafor. Midt på Fjørtoftneset er det registrert eit gravfelt med 5 gravrøyser. Gravrøysene ligg i eit lyng- og grasvakse myrområde oppe på ein strandvoll og er mellom 9 og 15 meter i diameter og inntil 1,5 meter høge. Dei er til dels svært overgrodde av mose, gras og lyng." http://faktaark.naturbase.no/Vern?id=VV00000555

Adkomst og parkering

For å komme seg til Fjørtofta må ein enten ta hurtigbåt eller ferje. Det er lurt å planlegge turen etter rutetidene. Når du kjem frå kaia tek du av til høgre i krysset, det er kortast. Følg vegen i ca 4 km. Men, du kjem fram til startstaden for turen uansett kva retning du velger. Turen startar ved ein traktorsti, og her finn du mellom anna ei løe og eit skur med skiltet "saloon" på. Følg vegen herfrå.

Det er ingen parkeringsavgift, men du må betale billett på ferje eller hurtigbåt.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 6
Lengde en vei (km) 3

Offentlig transport

Du kan ta hurtigbåt frå Ålesund, då bør du pårekne å ta med sykkel for å kome til startpunktet. Det er veldig fint å sykle rundt øya, då det er ganske flatt. Rutene til hurtigbåt finn du på www.frammr.no.
Elles er det mogleg å ta buss til Brattvåg, og ferge frå Brattvåg til Fjørtofta. Igjen bør du ta med sykkel dersom du ikkje vil ha med bil, slik at du kan sykle frå ferjekaia. Ferjeruter finn du på www.fjord1.no, og buss på www.frammr.no. NB! Planlegg etter ferje- eller hurtigbåttider.

Spesielle forhold

I april-mai kan villsauene som beiter i område framleis vere i lammeperioden, så det er tilrådelig å ikkje forstyrre dyra!

Kart

Norge-serien 10076 Ålesund

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Eldar Fjørtoft 39
Siv Linda Krey 7
Annlaug Otterlei 6
Lisbeth Skarsbø Grytten 4
Kari Lisbeth Fjørtoft 4
Ruth Margrete Otterlei 3
Øystein Grytten 3
Malin Klokk Kjerstad 3
Sigri Otterlei 3
Iren Vister Iversen 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 1
28. oktober 3
24. oktober 2
21. oktober 1
18. oktober 2
16. oktober 2
15. oktober 1
8. oktober 1
7. oktober 1
2. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: