Drynjahatten, Dryna

Midsund
667
Besøk
3,2
km tur/retur
blå

Kort om turen

På denne turen får du god utsikt mot øyane og havet utanfor samt inn mot fastlandet.

Turbeskrivelse

Frå ferjekaia skal ein følgje same vegen som mot Franskhellaren. I den øverste svingen, skal du ta av i frå traktorvegen og følge sti opp ein liten bakke. Rett etter dette delar stien seg, og du skal ta av til venstre og følgje stien som går oppover. Stien er meir eller mindre tydeleg heile vegen langs ryggen opp til toppvarden på Drynjahatten, som ligg 200 moh. Vær oppmerksom på at det er svært bratt på nordsida av fjellet, og nokre stadar går stien like ved stupet.

Kulturminne

Frå toppen kan du sjå ned på restar av luftobservasjonspost som tyskarane hadde på Dryna i åra 1941-42. Hytta (tyskerhytta) brann ned i ein stor lyngbrann som herja på utsida av Dryna i byrjinga på 70-talet, så der står berre steinmurane igjen. Der er også restar etter ein oppmura utkikkspost. Denne vart ikkje fullført eller teken i bruk av tyskarane. Dei steinla også deler av stiane, og denne vert på folkemunne kalla «tyskerstien».

I frå tyskerhytta kan ein gå ned og forbi Franskehellaren og tilbake til ferjekaia.

Adkomst og parkering

Parkering ved ferjekaia på Dryna.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3,2
Lengde en vei (km) 1,6

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Knut Raknes 82
annbjørn rakvåg 29
Kathy Magtulis Raknes 8
hallvard magerøy 7
Leif Joar Blø 6
Birgitte Lingås 6
Svein Egil Bergseth 5
Oddny Ramsvik 5
Ann Oddny Håbet 4
Marit Nancy Rakvåg 4

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 2
26. oktober 7
25. oktober 1
24. oktober 3
21. oktober 4
20. oktober 4
19. oktober 2
18. oktober 2
17. oktober 2
15. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: