Heggdalshornet, Nord-Heggdal

Midsund
248
Besøk
12
km tur/retur
rød

Kort om turen

Heggdalshornet er med på å danne det som vert kalla "gapet" når ein ser vestover frå Molde. Frå toppen er det fin utsikt innover til Molde og fjordane rundt.

Turbeskrivelse

Turen startar frå parkeringsplassen ved kapellet. Følg tursti som leder mot traktorveg/turveg og vidare oppover dalen. Det er drøyt 3 km til Heggdalsvatnet. Du ser toppen av Heggdalshornet heile vegen.
Frå Heggdalsvatnet følgjer du felles sti mot Opstadhornet og Heggdalshornet. Etter ca 400 meter står der eit skilt mot Heggdalshornet. Frå her og opp til skaret mellom Opstadhornet og Heggdalshornet er stien svært utydeleg. Den er merka, men den kan være vanskeleg å følgje. GPS-sporet som er lagt inn følgjer nogenlunde denne stien.Det er veldig bratt rett under dette skaret så det kan være lurt å ta mest mogeleg høgde når du går mot skaret mellom fjelltoppane. Fortvil ikkje om du mistar stien. Med god sikt, ser du stort sett heile tida kor du skal gå.

Frå toppen frå du ein fantastisk utsikt innover mot Molde og fjordane i rundt. Du står nå 684 moh. Følg same rute ned igjen.

Adkomst og parkering

Det er parkeringsplass ved Kapellet på Nord-Heggdal. Den skal vere godt merka i frå hovedvegen.


Parkeringsplass ved kapellet, Nord-Heggdal.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 12
Lengde en vei (km) 6

Spesielle forhold

Det er fleire vegar til toppen av Heggdalshornet. Ein kan mellom anna gå dit frå Opstadhornet (sjå eigen omtale).

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Frithjof Godø 4
Johnny Hagset 3
Leif Joar Blø 3
Jiri Paur 2
Eli Ræstad 2
Stein Vidar Rokstad 2
Magnus Bjørnerem 2
Britt Lillian Håvik 2
Therese Bergseth 2
Svein Egil Bergseth 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
20. oktober 6
19. oktober 1
16. oktober 1
15. oktober 1
13. oktober 6
7. oktober 3
6. oktober 2
5. oktober 9
4. oktober 2
3. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: