Sandan, (Hamnaneset) Midøy

Midsund
2285
Besøk
2,3
km rundtur
grønn

Kort om turen

På Sandane er det ei fin badestrand og rasteplass. Ute på Hamnaneset ligg Stikk UT! -posten, og eit flott utkikkspunkt der du ser fra Nordøyene i vest, til Aukra i aust.

Søraust for riksvegen finn du Bjøreremshellaren, der det er funne spor etter dei første Romsdalingane. Ca 200 meter mot sørvest fra parkeringsplassen, finn du riksgrenserøysa, som tidlegare var riksgrense mellom Sverige og Danmark.

Turbeskrivelse

Fra parkeringsplassen startar turstien ned mot Sandane, der du finn ei kjempefin sandstrand til bading på fine sommerdagar, og mange spennende småkryp i fjæra resten av året. I nordenden av bukta ligg ein fin rasteplass med grillmoglegheiter.

Ved rasteplassen delar stien seg i to. Velger du å ta til venstre, går stien først gjennom ei sprekke/kløft i berget. Her kan du ikkje passere med vogn eller rullestol. Du må da velge andre vegen for å kome ut til posten. Etter kløfta, slynger stien seg fint i terrenget utover Hamnaneset og ender ytterst ved eit fint utkikkspunkt. Her finn du Stikk UT! -posten. Det er satt ut fleire benkar langs med stien. Går du den andre vegen tilbake, vil du gå langs med nokre holmar der det frå gamalt av var ei lun jektehamn. Etter kvart kjem du til Nørdre Sandan. Har går stien tilbake til rasteplassen der stien delte seg på tur utover.

Dersom ein følgjer stien vidare aust/ nordover ved Nørdre Sandan er her opparbeidd ein fin sti som går vidare til Kjelsvika og endar opp på Bjørnerem.

Ein kan og gå ca 150 meter tilbake langs riksvegen til skilta sti opp mot Bjørneremshellerane.

Kulturminne

Ca 200 meter mot sør frå parkeringsplassen langs riksveien finner en riksrøysa, tidligere riksgrense mellom Sverige og Danmark og som delte Midøya og videre innover i landet mellom disse to nasjonene.

Sør-aust for fylkesvegen er det skilta mot Bjørneremnshellerane. Hellarane har vesentleg blitt danna ved utgraving av brenningane frå sjøen etter loddrette sprekker i fjellet. Her er det funne bein-restar av dyr, fugl og fisk og reiskapar av bein, stein og leire. Det vart og funne eit ribbein av eit menneske. Ein fann og restar av skjelett frå ein bjørn. Funna daterar seg til folkevandringstida, ca. 500 e.Kr. og tyder på at dei første romsdalingane truleg budde her.

Adkomst og parkering

Turen starter ved parkeringsplassen på nedsida av fylkesvegen.

Det er laga ein ny og stor parkeringsplass på Sandan i 2018 på nedsida av fylkesvegen.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde en vei (km) 1
Total lengde rundtur (km) 2,3
Stigning Meter Grader
Total stigning 50 Høydemeter

Offentlig transport

Buss: Lokalrute 230 Dryna - Midsund - Molde

Kart

Turkart 1:50 000 Harøyfjorden

Flest besøk 2019

Navn Besøk
annbjørn rakvåg 152
hilde merete magerøy 108
Svein Egil Bergseth 94
Marit Nancy Rakvåg 81
frode eikebø 77
hallvard magerøy 49
Knut Raknes 42
Odd Blø 35
Leif Joar Blø 33
Oddlaug Røsvik Misund 33

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 6
30. oktober 2
29. oktober 3
28. oktober 4
27. oktober 8
26. oktober 26
25. oktober 7
24. oktober 5
23. oktober 13
22. oktober 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: