Hagbøsetra, Bugge

Nesset
197
Besøk
5,2
km tur/retur
blå

Kort om turen

Dette er ei vandring i eit gamalt kulturlandskap på ein veg og sti der dei før jaga buskapen til fjells og til setra. Hagbøsetra ligg sørvendt med eit fenomenalt flott utsyn innover mot Eresfjord med Gøksøyra og Sjøvdøla.

Som nemt ellers i teksta kan du ta ein alternativ veg ned att via Skaret oh "Haukartrappa". Da kjem du ned på Hagbøen på Bugge.

Turbeskrivelse

Du startar ved eit grindle frå riksveg 660 i Boggestranda. Det er skilta med Hagbøsetra og Hagbøbotn. Først følgjer du gammelvegen opp og innover eit lite stykkje. Her er det brei oppmura veg.
Så tar du av frå gammelvegen og opp til venstre. Framleis langs delvis oppmura veg og sti. Vegen og stien er merka med raude punkt. Har jamn og fin stigning. Nokre stader må du gå gjennom myrlendt tereng. Men stort sett er stien tørr og fin.StikkUt-kassa heng på seterveggen.

Kulturminne

Du går langs ein veg som mange stader er oppmura av stein. I tillegg til å jage krøter til fjells har nok denne vegen og stien sannsynlegvis også vore kløva med hest. Du passerer fleire nedramla sommarfjøs og utløer. I denne sørvendte og frodige lia var det utslåttar. Dermed var det også behov for høyløer. Den første nedramla bygninga du kjem til er kalla Båshauen.
Det har vore to stølar på Hagbøsetra. Den første du passerer oppe på fjellet ser du berre murane av.
Derifrå ser du bort til den andre. Ei tømra seterbu. Dette er Hagbøsetra.

Du passerer også ei nedramla høyløe om du går via Skaret på veg ned. Frå Hagbøsetra følgjer du same vegen ned att til om lag 400 moh der det er skilta til Hagbøsetra. Her kan du ta av nordover, raudmerka også her. Etter eit lite stykkje kjem du til høyløa. Flott utstikt over Bugge.
Herifrå berst det litt brattare ned. Ned sjølve skaret er det mura opp trappetrinn av stein. Det er kalla «Haukartrappa». Stien vidare ender nede på Habøen, ved riksvegen på Bugge. Da er det berre å følgje asfalten nokre hundre meter tilbake til parkeringa og der turen starta.

Adkomst og parkering

Du køyrer riksveg 660 mellom Eidsvåg og Eresfjord. Rett etter at du har passert siste garden på Bugge, Hagbøen, følgjer du vegen til første fjellskjæring. Da ser du grinda og skiltinga til Hagbøsetra.



Så lenge det er plass kan du parkere her på nersida av vegen på eii lita avkøyrsle. Om ikkje er det god plass litt nærmare Bugge.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 5,2
Lengde en vei (km) 2,6
Stigning Meter Grader
Total stigning 550 Høydemeter

Offentlig transport

Nei, tvilsomt!

Kart

Norge-serien 10078 Sunndalsøra

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Rigmor Marie Hurlen 2
Dag Jensen Rimstad 2
Siw Janne Aasen 2
Borghild Ulvestad 1
Else Sira 1
Jorun Reiten 1
Linda Olsen 1
Geir Arne Kvam 1
Kirsten Bersaas 1
Jane Ulriksborg Monsås 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
13. oktober 4
5. oktober 3
2. oktober 1
29. september 1
27. september 3
25. september 6
24. september 5
22. september 2
16. september 1
10. september 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: