Bedringens veg

Norddal
2338
Besøk
1,88
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Enkel og fin tur på gruslagt turveg langs elva Valldøla i Valldal sentrum. Det er fleire rastebenkar undervegs. Kan kombinerast med turvegen Strandpromenaden langs fjorden til Muritunet.

Turbeskrivelse

Turen startar i Valldal sentrum. Passèr over brua, Muri bru, som kryssar elva Valldøla til nordsida av elva. Med ein gong brua er passert hald til høgre oppover langs elva, ved bustadblokk og gammal fabrikkbygning. Etter omlag 100 meter, ved skogkanten, startar er Bedringens veg. Følg denne til neste bru over elva, Muribø bru. Her endar Bedringens veg. Ta same veg tilbake. Det er ingen vanskelege eller farlege parti undervegs. Vegen går langs campingplass og jordbæråkrar. I raftingsesongen om sommaren kjem det gjerne raftingflåtar nedover elva med latter og hojing.


Turen er svært lett og passar for alle, både funksjonsfriske og funksjonshemma, unge og eldre. Godt og stødig underlag i form av grus. Breidde på trasèen er ca 1,5 meter. Dette er ein "tur-retur" tur. Turen kan gå vidare frå Muribø bru på bilveg med asfalt. 


Bedringens veg fekk i 2014 status som helseløype, då vegen vart rusta opp med støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.


Ein kan halde fram turen på andre sida av hovudvegen for startpunktet, på Strandpromenaden. Kryss vegen og følg elveosen nedover, forbi Valldal Fjordhotell og vidare utover i strandkanten til Muritunet og badeplassen på Muri. Leikeplass ved Muritunet. Strandpromenaden er asfaltert.

Adkomst og parkering

Turen startar i Valldal setrum. Dit kan ein køyre med privat bil eller bruke offentleg kommunikasjon. Oversiktleg sentrum. Start ved Muri bru som ligg 200 meter vest for Spar-butikken.

Parkering på offentleg parkeringsplass ved servicebygg ved Valldal hamn. Turistinformasjon - Berit's gategrill i bygget. Ingen avgift

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1,9
Lengde tur/retur (km) 1,88
Lengde en vei (km) 0,94
Stigning Meter Grader
Total stigning 21 Høydemeter

Offentlig transport

Buss:
Ålesund - Valldal sentrum.
Åndalsnes - Valldal sentrum (sommarrute)
Ferge:
Turistferge Geiranger - Valldal (sommarrute)
Sjekk rutetider på www.fjord1.no

Spesielle forhold

Turen er godt egna for personar i rullestol. Også muleg for personar avhengig av krykker, rullator, o.l.
Kan også brukast om vinteren, men er mindre tilgjengeleg ved større snøfall. Vert ikkje brøyta.

Kart

Turkart for Norddal kommune, 1:50 000

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Lene Kristin Nybråten 43
Ove Eide 27
Harald Johnny Tomren 22
Tove Bjørkevoll Lundbø 20
Per-Arne Lundbø 20
Grete Lien Jensen 20
Randi Merethe Lindskog Vorpvik 19
Kristi Linge Stakkestad 18
Svanhild Rødskar 17
Petra Elisabeth Nakken 17

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 4
30. oktober 4
29. oktober 4
28. oktober 3
27. oktober 6
26. oktober 4
25. oktober 7
24. oktober 4
23. oktober 6
22. oktober 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: