Gamlevegen frå Alstad til Grønning

Norddal
1021
Besøk
2,84
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Ein enkel og fin tur på lett kupert grusveg mellom Alstad og Grønning. Passar for alle aldersgrupper. Turen går langs elva Valldøla og undervegs er det mange fine stoppunkt med vakker utsikt til både elva og fjella. 

Turbeskrivelse

Turen startar ved parkeringsplassen på Gudbrandsjuvet ved Alstad. Gå 70 meter langs fylkesvegen og ta til venstre, skilta mot Juvet Landskapshotell. Etter 50 meter på grusveg vil du sjå eit Stikk UT! -skilt. Her er det òg skilta til Olavsvegen. Gå skogssti opp til høgre, ca 30 meter. Ta til høgre igjen og gå vidare langs grusvegen til Grønning. No er du på turvegen frå fjord til fjell som er opprusta ved hjelp av spelemidlar på strekninga Rem - Grønning.


Etter 600 meter kryssar turvegen fylkesvegen og går vidare langs elva Valldøla. Etterkvart kjem du Løygjerdet der det er benkar og muligheit for å raste. Her finn du også StikkUT-kassa. Etter Løygjerdet blir vegen smalare og litt meir kupert. Flott utsyn ned i elva der vatnet kastar seg nedover, ekstra kraftig i vårløysinga. Vilt og vått!


Grusvegen endar på fylkesvegen litt før Grønningsgardane. Viss du vil ha ein rundtur kan du no krysse hovudvegen og følgje skogstien - Olavsvegen - tilbake til utgangspunktet på Alstad. Skilta. Dette er Olavsvegen gjennom Skjersura, oppkalla etter Heilag-Olav som rydda veg her mellom store steinar når han drog gjennom dalen rundt årsskiftet 1028/1029. No er det merka pilegrimslei her, i spora til Heilag-Olav, frå hamna i Valldal og oppover dalen, gjennom Skjersura og vidare til Grønningsæter og over høgfjellet mot Rauma. Vidare er leia merka over Lesja til Dovrefjell og heilt til Nidaros. https://pilegrimsleden.no/no/map/valldalsleden


For ein lengre tur kan du også følgje fylkesvegen vidare framover til Grønning, eller ta same rute tilbake.

Adkomst og parkering

Parkering ved Gudbrandsjuvet. Inga avgift. NB! I sommarsesongen er det mange turistar som stoppar her, så det kan vere utfordrande med parkering enkelte dagar.

Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 1,42
Lengde tur/retur (km) 2,84
Lengde en vei (km) 1,42
Stigning Meter Grader
Total stigning 63 Høydemeter

Offentlig transport

https://www.frammr.no/
Sommarrute Valldal - Åndalsnes. Skulebuss resten av året.

Spesielle forhold

Start ved Gudbrandsjuvet. Stoppunkt på Nasjonal Turistveg Trollstigen - Geiranger.

Kart

Turkart for Norddal kommune, 1:50 000

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Svanhild Rødskar 12
Solveig Linge Stakkestad 10
Kristi Linge Stakkestad 10
Jenny Ann Ohna 9
Jens Rekdal 8
Trude Wiik Østraat 7
Edel Anne Baardseth 7
Yvonne Dale 5
Sigrun Vartdal 5
Arthur Roaldsand 5

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 1
30. oktober 3
27. oktober 3
26. oktober 2
24. oktober 1
23. oktober 3
20. oktober 4
19. oktober 7
18. oktober 1
16. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: