Illstigvatnet i Storkaldhusdalen

Norddal
279
Besøk
5,8
km tur/retur
blå

Kort om turen

Fin tur i lett terreng. Idyllisk med skjervar og furuskog, ei elv med små fossar og stille kulpar og fleire vatn. Vilt og vakkert i Storkaldhusdalen, ein inngangsport til Tafjordfjella.

Turbeskrivelse

Turen startar ved enden av vegen ved fremste Kaldhussætervatnet. Vatnet er regulert og ved startpunktet er det ein kraftstasjon i fjellet.


Første stykket går gjennom bjørkeskog langs vatnet, i ei litt ulendt rås/sti (ca 1 km). Det er T-merka vardar langs råsa. Ved enden av vatnet er det myrlendt og det kan vere noko vått. Det er lagt ut stokkar å gå på på somme av dei våte partia. Når ein nærmar seg elva vert det meir skjervar og glissen skog. Vi kryssar råsa på ei bru og råsa held fram oppover dalen på høgre sida av elva. Der er det lett og fint terreng med skjervar, berg og furuskog. Råsa går langs elva, den er utruleg fin, små "fossar" med stille kulpar mellom. Det er muleg å bade fleire stadar.


Litt lenger framme kjem vi forbi fleire små vatn, og her kryssar vi elva igjen på ei hengebru. Etter brua går råsa opp ein liten kneik der det kan vere litt luftig ut på kanten, elles er det flatt fram mot Illstigvatnet.
NB! Når ein kjem fram mot vatnet, ta av til høgre frå hovudråsa ved kraftstolpe. Skilta. Følg råsa til høgre eit par hundre meter bort til vatnet. Det er myrlendt og råsa kan ha våte parti og vere litt utydeleg. Turkassa finn du på ei lita hytte på ei lita høgde like ved vatnet. Det er Tafjord Kraft - jeger og fiskeforening som eig hytta.


Hovudråsa går videre fram gjennom Storkaldhusdalen mot Slettdalen og Viavatnet. Dette er ei DNT-rute, og det er merka med raude T-ar både mot Geiranger og vidare innover i Tafjordfjella.


Dette er ein lett tur i ope terreng, og vi brukar 60 – 90 minutt i normal gange ein veg. Det er om lag hundre høgdemeter stigning, frå startpunktet til Illstigvatnet på 692 moh.


Det er delvis mobildekning i området for Telenor.

Kulturminne

Ovanfor heimste (nedste) enden av Illstigvatnet kan ein finne restar av steinmurar, av ein gammal sæterstøl. Fjøset låg truleg øvst under ein hellar, og selet lenger nede. Dette ligg nær råsa. Det er ingen som veit noko særleg om denne sætra og kva ho heitte. Kjelder meiner at det eine bruket på Kaldhussætra kanskje brukte denne. Gamle papir viser at her var strid om beiterettar, rundt år 1900. Sætra er også nemnt i ei kjøpekontrakt frå 1851.
Ein kan lese meir om dette i Til Seters, setrar i Norddal (Valldal bygdekvinnelag, 2012).

Adkomst og parkering

Frå Valldal køyrer du gjennom Fjørå-tunnellen og innover mot Tafjord (12 km). Frå Tafjord er det om lag 10 km oppover til Kaldhussætra. Følg skilting. Køyr til enden av vegen, ved fremste Kaldhussætervatnet. Parkering ved Tafjord Kraft sin kraftstasjon, pass på at bilen ikkje er til hinder for trafikk til og frå stasjonen.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 5,8
Lengde en vei (km) 2,9
Stigning Meter Grader
Total stigning 174 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Les meir om historien til Tafjord Kraft her: https://historie.tafjord.no/
Om Tafjordfjella som turområde: https://ut.no/omrade/8182470b-0e22-4f8b-890c-21900ae1b921/tafjordfjella

Kart

Turkart for Norddal 1:50 000, Tafjordfjella 1:50 000

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Anne Marie Kaldhussæter 5
Kristi Linge Stakkestad 5
Stein Arve Berg 3
Stig Falling 3
Eskild Blindheim 3
Eli Hanna Røstad Berg 3
Per Oddmund Tafjord 3
Magne Eivind Glomnes 3
Ingrid Dyb-Sandnes 2
Sigrun Vartdal 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
21. oktober 1
18. oktober 2
14. oktober 2
5. oktober 1
25. september 2
22. september 3
21. september 1
9. september 1
8. september 5
2. september 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: