Omnossætra

Norddal
798
Besøk
3,8
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Lett tur i motbakke på fin grusveg til ein gammal seterstøl. Skoghogst har gitt god utsikt både undervegs og frå setra. Fin rasteplass i grindløa som er opa for alle.

Turbeskrivelse

Parkering ved Valldal IL klubbhus på Omenås. Følg asfaltveg i bein strekning mot Omnosåsen bustadfelt i om lag 200 meter. Der asfaltvegen gjer ein sving, hald fram rett fram på grusveg. Grusvegen fører deg oppover til Omnossetra, ca 1,9 km og 200 høgdemeter. Bomveg.


Omnossetra er ein nedlagt seterstøl med fleire gamle sel og nokre nyare hytter. Nybygd grindløe med bålplass som er open for alle er bygd av Lions Club Valldal. Frå Omnossætra kan du gå vidare til Brekkevatnet, Høghaugen, Gjerdsegga og Gjerdsgrenda. Store hogstfelt har gitt fin utsikt mot Valldalsbotn og dei to sætrane Heimsetra og Hjellsetra på andre sida av elva, og nedover dalen. Lett tur på fin grusveg.


Omnossætra ligg i Valldalsbotn, ein sidedal til Valldalen, om lag sju km frå fjorden. Myklebustelva med utløp frå Brekkevatnet renn midt i dalføret. Setra ligg rundt 300 meter over havet i ei vesthelling under fjellet Gjerdsegga på austsida av elva. I dag går det bilveg frå Omnos og fram til setra. Siste året det vart setra, var i 1955. (Frå boka «Til seters – setrar i Norddal», Valldal Bygdekvinnelag, 2012).

Kulturminne

Gamle utløer langs grusvegen. Sæter med gamle sel og steingardar.
Les meir i lenka til kulturminneatlas og i boka Til seters - setrar i Norddal.

Adkomst og parkering

Turen startar ved Valldal IL klubbhus og stadion på Omenås i Valldal.

Parkering ved klubbhuset. Gratis.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,2
Fast grus 1,7
Lengde tur/retur (km) 3,8
Lengde en vei (km) 1,9
Stigning Meter Grader
Total stigning 199 Høydemeter

Offentlig transport

http://www.frammr.no/Ruter/Buss/145
Få bussavgangar i dette området.

Kart

Turkart Norddal kommune

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Jenny Ann Ohna 10
Anna Marie Sunde 9
Charlotte Iversen 8
Elisabeth Golten 8
Heidi Sylte 7
Jens Rekdal 7
Anne Lene Hjelle 7
Ellen Marie Rokstad 6
Kristi Linge Stakkestad 6
Juliette Bechtold 6

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 1
30. oktober 3
29. oktober 1
28. oktober 1
27. oktober 6
26. oktober 2
25. oktober 2
23. oktober 3
22. oktober 2
21. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: