Solskaret

Norddal
44
Besøk
10
km tur/retur
rød

Kort om turen

Turen til Solskaret går i hjertet av verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland. Turmålet ligg på kanten (skaret) ut mot Sunnylven, og her er eit svært flott utsyn. Frå Solskaret ser ein òg over mot Åkneset, den største kjende geofaren i Noreg. Her trugar eit større fjellparti med å falle ut i fjorden, og ved det verst tenkjelege scenariet kan dette medføre flodfølgjer som når 80-100 høgdemeter opp terrenget i bygdene Hellesylt og Geiranger. 

Turbeskrivelse

Turen startar på rasteplassen på Eide, like ved Eidsvatnet. Her er det god plass til å parkere, og fylkesvegen går rett forbi. Før du startar, kan du her studere informasjonstavla med flyfoto som syner turruta. Du går fyrst sørover langs vatnet før ei god rås svingar opp/vestover ved nokre hytter. Vidare følgjer du råsa til ein lokal turpost på Eidsheia. Denne etappen er den brattaste på turen, og lokalfolk reknar gjerne ein times tid opp hit.


Frå Eidsheia held du fram langs ryggen vidare mot vest. Etter eit stykke kjem du til botnen av stigninga opp til Oaldsvatnet, og det vert meir steinete. Her deler ruta seg. No skal du dreie innover dalen, ikkje opp mot Oaldsvatnet. Ruta innover går dels i steinur, og store delar av sommaren ligg her noko snø. Ruta er merka med raud v (verdsarv), men her er inga klar rås. Du følgjer etter kvart det lågaste området i dalsøkket, og ruta siktar seg inn mot bandet/skaret helt inst. Ein varde markerer turmålet.Turmålet ligg på 1245 m.o.h. så her kan vere friskt vêr sjølv på ein sommardag.


Turen inn til Solskaret går i variert fjellterreng, og eit godt inntrykk av fleire av dei naturverdiane som ligg til grunn for at området kom på Unesco si verdsarvliste i 2005. Fjellpartiet Skorene, som du vil ha i ryggen på vegen opp til turmålet, er kjent som dei mest karakteristiske fjella i verdsarvområdet. Svartevatnet og Oaldsvatnet ligg som fine avstikkarar frå turruta, begge gode fiskevatn. Innover det slake dalføret mot Solskaret, ser ein korleis breen har arbeidd og forma ryggar og botnar, og skura mot bratte fjellsider. Fyrste delen av turen går du like ved telefonstolpane som vart sett opp på dugnad for å få line til Oaldsbygda i 1930.


 

Kulturminne

Telefonlina til Oaldsbygda vart sett opp på dugnad i 1930. Mange bønder i Eidsdal stilte då med hest for å drage opp telefonstolpane. I lokale dagbøker står det skrive at "det var ei lukke mange av merrene ikkje gjekk følltunge dette året", for stigninga opp til Eidsheia er bratt.

Adkomst og parkering

Turen startar på rasteplassen ved Eidsvatnet i Eidsdal. Startpunktet ligg om lag 10 kilometer frå Eidsdal sentrum, i retning mot Geiranger.

Rasteplass ved Eidsvatnet. Her er òg toalett i sommarhalvåret (SVV)

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 10
Lengde en vei (km) 5
Stigning Meter Grader
Total stigning 827 Høydemeter

Offentlig transport

Søk på www.frammr.no
Det går rutebuss like forbi startstaden, men ikkje mange gongar pr. dag.
Busskur på den andre sida av elva for rasteplassen

Spesielle forhold

Ynskjer du ein rundtur, kan du gå attende via Nonshornet: Frå solskaret kryssar du over terrenget mot nordaust; bittelitt stigning i starten, deretter held du høgda til du ser ned mot ryggen av Nonshornet. Så litt unna (kanskje ein snøbre å skli på?), før du følgjer den breie ryggen vestover til toppen som ligg med flott utsyn over Eidsdalen. Etappa er ikkje merkt. Frå toppen er det merka rute nedatt til Eidsheia. Ruta kjem inn på ryggen med telefonstolpane litt vest for den lokale turposten.

Kart

Turkart for Norddal kommune 1:50.000 Turkart for Stranda kommune 1:50.000 Tafjordfjella turkart 1:50.000

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Magnus Ulvestad Gautvik 2
Lars Ivar Ytterdal 2
Sigrun Vartdal 1
Are Uran 1
Thea Marie Ytterdal 1
Oddny Frøysa 1
Kari-Anne Omenås 1
Lars Ytterbø 1
Nathalie Olsen 1
leiv utgård 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
17. oktober 1
5. oktober 1
29. september 1
28. september 1
26. september 2
14. september 1
4. september 1
3. september 1
1. september 1
27. august 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: