Tjønnebu

Norddal
122
Besøk
15
km rundtur
blå

Kort om turen

Fin fottur i hovudsakleg slakt terreng og på god sti gjennom Steindalen til den fine ÅST-hytta Tjønnebu. Turen går inn i Reinheimen Nasjonalpark. Dette er også ein del av pilegrimsleia Valldal - Dovrefjell. Vilt og vakkert terreng.

Turbeskrivelse

Følg skilt til Tjønnebu/Vakkerstølen frå parkeringsplassen. Gå opp gjennom skogen på god T-merka og pilegrimsmerka rås på høgre sida av elva oppover til Steindalsstølen. Frå stølen er det god rås innover Steindalen og råsa rundar Litlehornet 1436 moh. Det siste stykket opp til Tjørnane er det litt meir stigning.


Tjønnebu ligg 995 moh. og er Ålesund-Sunnmøre Turistforening si ubetente hytte ved Tjørnane. Ho ligg fint til mellom fire fjellvatn. Det er fisk i alle vatna. Fiskekort kan kjøpast på hytta (sjølvbetening). Tjønnebu er omgitt av fleire høge fjell som til dømes Krynkelen 1499 moh og Storfjellet 1759 moh. Ved å følgje den T-merka råsa vidare i om lag 13 km kjem ein til Vakkerstøylen (sjølvbetent DNT-hytte).


Det er om lag 7,5 km frå parkeringsplassen til Tjønnebu, og om lag midtvegs kjem ein inn i Reinheimen Nasjonalpark. Pilegrimsleia Valldal - Dovrefjell vart opna i 2015, og følgjer i fotefara til Olav den Heilage som drog gjennom Valldalen og vidare til Lesja i 1028/29. Pilegrimsleia følgjer DNT-råsa frå Grønningsæter til Tunga /Brøstet i Rauma kommune.


Om lag ein kilometer framanfor Steindalsstølen er det skilta til Bjørstadstølen. Her er det gamle murar, truleg etter ei seter, men ingen kjenner til dette i dag. Ein teori er at det kan ha vore veiefolk som har hatt tilhald der. (Frå boka «Til seters – setrar i Norddal», Valldal Bygdekvinnelag, 2012).


NB! Tjønnebu ligg 1000 moh. og det kan difor ligge snø her lenge utover våren.

Kulturminne

«Om lag ein kilometer framafor Steindalsstølen og på andre sida av elva er der nokre gamle murar bygde inn i bakken. Bjørstadstølen har denne staden vorte kalla, men ingen av dei gamle visste noko om han. Ein teori er at det kan ha vore veidefolk som har hatt tilgang der. Der går ei fonn over der desse murane er, så der er lite truleg der har vore ei seter. Om lag midt mellom Steindalsstølen og Bjørstadstølen ligg ein voll dei kalla Ihljestølen. Der er ingen restar etter hus. Kanskje var det ein stad der krøtera kom for å mjølkast?»
Kjelde: Til seters. Setrar i Norddal. Valldal Bygdekvinnelag 2012

Adkomst og parkering

Ta av frå fv 63 ved Grønningsæter i øvre Valldal, og følg vegen til endes. Etter det siste gardstunet startar bomvegen (kr 50). Grusveg til parkeringsplass, ca 1 km.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 15
Lengde en vei (km) 7,5
Total lengde rundtur (km) 15
Stigning Meter Grader
Total stigning 626 Høydemeter

Offentlig transport

www.fram.no
Sommarrute Valldal - Åndalsnes 1-2 gongar pr dag.

Spesielle forhold

På veg til Tjønnebu passerer du Steindalsstølen, seter for gardane på Grønningsæter. Stølen ligg 550 moh., ved inngangen til Steindalen. Setra og setermarka ligg i Reinheimen landskapsvernområde. Området vert brukt til sauebeite. Under krigen fekk folket på Grønningsæter tilskot frå staten til å byggje setervegen. Vegen var bratt og svingete og det var eit storarbeid med handboring og sprenging og bygging av bru.

Kart

Turkart Norddal kommune, turkart Tafjordfjella, Romsdalsfjella turkart

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Magnhild Grønningsæter 5
Lars Grønningsæter 3
Edel Anne Baardseth 3
Edel Urke Hofseide 2
Merete Flø 2
Stian lynghjem 2
Michal Kowalski 2
Janne Nerli 2
Kjersti Magnussen 1
Monica Nedregård 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
26. oktober 1
29. september 4
28. september 3
23. september 2
21. september 4
8. september 6
7. september 3
1. september 1
31. august 1
28. august 3

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: