Bjergane, Harøya

Sandøy
517
Besøk
6
km tur/retur
grønn

Kort om turen

På den lille toppen Bjergane får du ei flott utsikt innover mot fjella på fastlandet og utover mot havet. 

Turen vart oppgradert sommaren 2015 med offisiell åpning på hausten. Stien er brei og god, kan gåast i all slags vêr og passar for heile familien, også med barnevogn.

StikkUT! posten er ved Bjergane, ein liten haug som ein får på venstre side.
Den oppgraderte stien fortsetter eit stykke frem og slutter ved ein grusveg på venstre side. Her kan ein enten snu og gå tilbake, eller gå grusvegen ned til fylkesveg 210 og følge denne tilbake til bilen, det blir då ein mykje lengre tur.
Ein kan også frå grusvegen gå vidare opp mot Harøyburet. Dette er ikkje teikna inn på kart då denne stien er uprepparert og til tider blaut.

Turbeskrivelse

Turen startar ved Harøy kirke, der ein finn parkeringsplass for bil. Turstien finn ein til venstre for gravplassen, går ned ei lita helling og følger skiltet til StikkUT mot høgre. Heretter går stien i åpent terreng mot Bjergane. StikkUT posten er på toppen av den lille haugen ein får på venstre hånd. Når ein når toppen på kanskje 10-20 meter kan ein nyte utsikta på benken som er satt opp. Postkassa er ved benken.
Herifrå får ein to val; gå tilbake same veg som ein kom, eller fortsette turen vidare mot Myklebust. Ein følger då den breie stien til ein treff ein grussti på venstre hånd. Her stoppar den oppgraderte stien, men ein kan følge ein uprepparert sti opp mot Harøyburet dersom man ynskjer (her passar det ikkje med barnevogn, og vanntette sko er å annbefale).
Dersom ein ynskjer å gå StikkUT! posten til Harøyburet anbefalar vi at de følger eigen turbeskrivelse for denne.StikkUT turen i kartet er kun på den preparerte stien.

Adkomst og parkering

Turen startar ved gravplassen ved Harøy kirke. Her er god parkeringsplass.

For å kome seg til Harøya tek ein ferje enten frå Småge til Finnøy: http://www.rutebok.no/nriiisstatictables/tables/ruter/t/15-343.htm
eller frå Brattvåg til Harøy:
http://www.rutebok.no/nriiisstatictables/tables/ruter/t/15-271.htm

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 6
Lengde en vei (km) 3

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Alvin Husøy 93
Ingrunn Breivik 39
Toril Oddfrid Røsok 14
Tor Arne Nielsen 11
Lars Ivar Røsok 10
Helen Myklebust Grimstad 10
Margrete Hjelle 9
Gunnar Nilsen 5
Irene Breivik 5
Eva Marie Myklebust 5

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 3
30. oktober 1
29. oktober 1
26. oktober 1
25. oktober 1
24. oktober 2
23. oktober 2
21. oktober 2
20. oktober 9
19. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: