Skodjebruene - rundtur

Skodje
4227
Besøk
1,6
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Skodjebruene er tre vegbruer i Skodje kommune i Møre og Romsdal. De to gamlebruene var tidligare del av riksveg 661 over Skodjestraumen. Skodjestraumen bru krysser Straumen (Storstraumen) mellom fastlandet i nord og Storholmen. Heggestraumen bru krysser Heggestraumen mellom Storholmen og Kasholmen. Dei to bruene blei avløyst av Straumsbrua i 2004.

Skodjestraumen bru har eit spenn på 57 meter og seglingshøgde 14 meter, mens Heggestraumen bru har eit spenn på 40 meter. Begge bruene er steinkvelvbruer. Skodjestraumen bru er Norges største steinkvelvbru. Bygginga av bruene begynte i 1911, og dei stod ferdig i 1919. Vegen blei imidlertid opna først i 1922. Skodjestraumen tunnel (100 m lang) er ein del av anlegget og var den første vegtunnelen i fylket.

Dei to gamle bruene, gang-/sykkelfelt på Nybrua og tunnelen kan no brukast som rundtur i dette vakre kulturmiljøet.

Turbeskrivelse

Turen er rimeleg sjølvforklarande når ein først er komen til staden. Eit opparbeidd, flott utkikspunkt ligg på nordsida av straumen, kloss ved nybrua. Oppstiging til utkikspunktet kan skje både ved opparbeidde trapper, og sti med fast underlag. Frå utkikspunktet er det flott utsikt mot vest, sør og aust.


Rundturen kan starte anten frå parkeringsplassen i nord, eller sør for tunnelen.Med start frå nord kan ein begynne med å gå over nybrua, På sørsida, på Kasholmen, kjem ein til tunnelopninga i sør. Så må ein gå gjennom den 100 m lange tunnelen og kjem til Heggestraumen bru. Ved å legge den bak seg, er vi over på Storholmen, og må passere Skodjestraumen bru for å kome på fastlandet på nordsida. Derifra er det god veg til å ta seg opp att til parkeringsplassen, der også utkikspunktet ligg.

NB! Det mest sårbare og utfordrande punktet på rundturen er kryssinga mellom gangsti og bilveg på nordsida av parkeringsplass. Her må ein følgje bilvegen 20-30 m før kryssing ned til parkeringsplassen.

Kulturminne

To kvelvingsbruer, første vegtunnelen for biltrafikk i fylket.

Adkomst og parkering

Parkeringsplass i nordenden av den nye Straumsbrua.
Breiddegrad: 62.50467526280101
Lengdegrad: 6.621086597442627

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 1,6

Flest besøk 2019

Navn Besøk
jannike madsen 165
ingunn madsen 156
Thomas Johan Vadset 86
Siw beate Leite 60
Åse Midtlid Vadset 47
Per Egil Røshol 32
Astrid Alsip 32
Anna-Christin Eriksen 28
Stig Jonny Urke 21
Johanna Hopland Slyngstadli 18

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 17
30. oktober 10
29. oktober 6
28. oktober 8
27. oktober 16
26. oktober 16
25. oktober 15
24. oktober 8
23. oktober 7
22. oktober 9

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: