Storvasshytta

Stordal
197
Besøk
10,32
km tur/retur
blå

Kort om turen

Turen til Storvasshytta er ein fin tur på et par timers gange med jamn stigning frå Langsætrane. På Storvasshytta kan du overnatte. Hovudhytta har stue, soverom, enkelt kjøkkenutstyr og vedfyring. I naustet ligg det to båtar og fiskegarn som alle kan nytte. Alt er ope og tilgjengeleg for deg og dine venner.

Turbeskrivelse

Råsa startar til høgre for elva og held fram langs elva eit stykke innover. Vidare blir det lett stigning og du går over brua over Ådalselva. Fortsett turen rett fram med elva eit stykke til venstre for deg og når du kjem fram til Storvatnet er det bru over elveosen til Storvasshytta. På heimveg kan du ta same ruta, eller velge å gå på andre sida av elva. Råsa kan vere litt utydeleg over myrlendt område til Elvabytet. Bru over elv frå Litlevatnet. Her kan du sjå Trollkyrkjegarden på venstre side. Ved Fokhaugstova kan du velge å gå til venstre over brua og fortsette ned mot Kvitlene, eller gå vidare mot Pusken.


Fra Storvasshytta kan ein også gå vidare rundt Kamben til Litlevatnet eller over til Bøstølen, til Espedalen eller voer til Myklebustsætra i Valldal.

Adkomst og parkering

Frå Fv 650 på Mo, tar du av til fylkesveg og køyrer fram mot Overøye. Fortsett forbi skitrekket og ta til venstre mot Kvitlene etter omlag 1,3 km og køyr over brua. Gode parkeringsforhold ved brua eller øvst på stølen der turen startar. Parkering kr 50,- (automat).

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 10,32
Lengde en vei (km) 5,16
Stigning Meter Grader
Total stigning 216 Høydemeter

Offentlig transport

Ikkje bussrute mellom Mo og Overøye. Sjå forøvrig bussrute mellom Ålesund og Valldal, frammr.no

Kart

Kart Ørskogfjellet

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Edel Anne Baardseth 2
Geir Atle Lillebø 2
Astrid Larsen Stavseng 2
Ronny Johnsen 2
Arild Hove 2
Hallbjørg Vinje 2
Åsmund Larsen 2
Toril Krohn Alvestad 2
Aase Sørli Lillebø 2
Eli Kristin Vinje 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. oktober 1
26. oktober 5
20. oktober 3
18. oktober 1
13. oktober 1
11. oktober 3
9. oktober 1
8. oktober 1
6. oktober 4
5. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: