Svartevatnet

Fjord
NB! Denne turen inngikk i Stikk UT! 2019.
Se turer fra Stikk UT! 2020 her »
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 1/5. Snøforholda no i starten, gjer at det kan vere ein fordel med truger siste delen opp mot vatnet. Men snøen smeltar normalt fort i dette området no.

Kort om turen

Lett tur frå Gjerdsstølen i lett hellande terreng gjennom ope landskap. Fin familietur. På veg fram ser du m.a mot Lauparen i nordaust og Storfjorden i vest. Svartevatnet ligg idyllisk plassert, omkransa av høge fjell på tre kantar, med toppane Midmorgonshornet (962 moh) og Heimste Skorkja (1322 moh). Muligheiter for bading. Ved Svartevatnet kan du m.a. fortsette på høgre side ved vatnet og sjå eit flott oppmura naust som glir fint inn i terrenget.

Turbeskrivelse

Frå parkering på Gjerdsstølen går du mot elva, tar til venstre og følgjer råsa ca 300 meter fram til bru. Fortsett over brua og følg råsa framover på høgre side av elva. Minimal stigning i første halvdel av turen og lett stigning på slutten. Enkelte parti med myr.

Adkomst og parkering

I vegkryss på Dyrkorn køyrer du oppover bygda. Etter 1,5 km tar du til venstre og fortsett vidare om lag 1,5 km til krysset mot Ødegård. Ta til høgre og etter 150 m kjem du til bomveg (kr 30,-). Fortsett om lag 1,5 km til Gjerdsstølen, som er eit kosleg stølsområde med gammal bebyggelse og ei lita elv som renn gjennom stølen.
Alternativ start til turen er å parkere der bomvegen startar ved Ødegård og gå fram til Gjerdsstølen. Grusveg omlag 1,5 km.

Gjerdsstølen

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4
Lengde en vei (km) 2
Stigning Meter Grader
Total stigning 218 Høydemeter

Offentlig transport

Bussrute mellom Ålesund og Valldal, sjå http://www.frammr.no

Kart

Kart Ørskogfjellet

Flest besøk 2019

Navn Besøk
rolf pedersen 24
Eldar Busengdal 6
Jon Haraldsvik 2
Torill Sandvik 2
Magni Sæter Stavseng 2
Terese Kvamme Ødegård 2
Gunnar Eide 1
Karsten Jan Hellevik 1
Elisabeth Aure Stokken 1
Eva Heggdal 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
26. oktober 1
20. oktober 2
19. oktober 3
18. oktober 2
16. oktober 1
13. oktober 4
11. oktober 2
6. oktober 7
5. oktober 3
4. oktober 1

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: