Øyna rundt

Stordal
849
Besøk
2
km rundtur
grønn

Kort om turen

Øyna rundt er ein lett rundtur på 2 km langs grusveg. Øyna ligg i Langsæterområdet som har to store stølar, Pusken og Kvitlane. Pusken ligg lengst mot nord. Mellom stølane ligg deltaområdet Øyna. På Øyna er det lagt til rette med m.a. gapahuk, toalett, bålplass, bade- og fiskemuligheiter.Langsæterområdet er utgangspunkt til mange flotte turar. Både rolege turar, toppturar og overgangsturar, m.a til Tresfjord, Innfjorden og Valldal.

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen ved Puskebrua går du over brua og tar til høgre langsmed elva på grusveg,
Gå langs elva og etter om lag 700 meter kjem du til ei bru som du går over og kjem til Kvitlestølen. Her finn du turkassa på ein liten parkeringsplass øvst på stølen. Vidare går du nedover stølen. Etter om lag 700 meter kjem du til eit kryss og treff Langsætrevegen. Ta til høgre og nye 700 meter tilbake til parkeringsplassen.
Sjølve Øyna-området dekkjer eit mindre areal enn den rundturen som her er beskreve. Her er råser og gangbruer i Øyna som er lette å finne og terrenget er lett å orientere seg i.Øyna, med gapahuk og bålplass, finn du lettast når du startar frå Puskebrua og går langs elva mot Kvitlane. Etter 200 meter tar du av ein stikkveg til høgre. Du når også lett Øyna frå Kvitlestølen.

Kulturminne

Sætergjerda, med dei karakteristiske steingjerda og dei gamle sela som framleis står att, er flotte kulturminne frå tida med stølsdrift. Annakvart år arrangerar Stordal sogelag Langsæterdagane med gamle tradisjonar, liv og røre på stølane. Her kan du lese meir: http://stordal.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=2&AId=3571&Back=1

Adkomst og parkering

Frå Fv 650 på Mo, tar du av til fylkesveg og køyrer fram mot Overøye. Fortsett ca. 1,9 km frå Arena Overøye på Langsætervegen mot Puskestølen. Parker før Puskebrua og gå over den. Ta til høgre og gå på grusveg ved elva.


Ved Puskebrua. Parkeringsavgift kr. 50,- (automat).

Løype på kart

Lengde i km
Total lengde rundtur (km) 2

Spesielle forhold

Øvre Stordal, Langsætrane og Øyna har også eige turkort, som kan lastast ned som pdf-fil frå www.friluftsraadet.no

Kart

Turkart Ørskogfjellet

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Astrid Larsen Stavseng 23
Kari Anne Flatmo Hove 21
Trine Dahl 19
Arild Hove 18
Monika Irene Stavseng 16
Vigdis Heier Stavseng 12
Robert Møller 11
Hallbjørg Vinje 9
Randi Falling 9
Eldar Busengdal 9

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 3
30. oktober 3
29. oktober 1
27. oktober 6
26. oktober 11
24. oktober 1
21. oktober 5
20. oktober 14
19. oktober 3
18. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: