Herdalen - Ljøbrekka (Postvegen)

Stranda
459
Besøk
7,84
km rundtur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 24/5. Vi har lagt ut ny bok og koda er på plass i postkassa. Turen kan opnast i morgon.

Kort om turen

OBS: Ljøbrekkas vener held på med utbetring av postvegen, og det vil bli utført arbeid på vegen i løpet av sommaren. Dette blir det lagt ut informasjon om når tidsplanen og arbeidsplan er klar. 

Turbeskrivelse

Frå parkeringa i Herdalen går du langs ein grusa turveg forbi eit stort skilt merka «Den Trondhjemske postvei». Etter rundt 150 til 200 meter svinger råsa til venstre, og då er du inne på den opphavelege postvegen. Om du snur deg og ser mot nord, vil du sjå omrisset av den gamle postvegen innover Strandadalen. Følg vegen inn til og forbi Herdalsvatnet/Brekkevatnet. Du vil sjå at det langs råsa går av små snarvegar og andre råser, men vi held oss på den orginale råsa til postvegen. Langs råsa vil du etterkvart sjå restar etter anleggsbrakkar og ein påbyrja riksveg planlagd over til Sykkylven frå 1930-talet. No byrjar det etterkvart å bratne litt til, men postvegen slynger seg no elegant oppover fjellsida i serpentinarar heile vegen opp til Kremmarvatnet. Her må du ta ein avstikkar på råsa som går ut til venstre ved Kremmervatnet, det er obligatorisk. På kjøpet får du då nyte ei framifrå utsikt inn Geirangerfjorden som òg er verdsarvområde. Gå deretter tilbake til Kremmarvatnet, og fortsett på postvegen langs eit nytt vatn 739 meter over havet og rundt Sætrenibba til du kjem til Ljøsætra. Her følger du råsa heile vegen ned til fylkesvegen. Mellom Ljøsætra og riksvegen står tørrsteinsmurar frå det påbyrja vegprosjektet.

Kulturminne

Denne delen av den Trondhjemske postvei representerer mykje av vår nære kulturhistorie. Mange av dei flotte tørrmurane ligg framleis framme i dagen sjølv om ein del også er grodd att og noko har rast ut. Spesielt er serpentinersvingane opp frå Herdalssida imponerande. Den Trondhjemske postvei var eit vegsamband mellom Bergen og Trondheim anlagt med utgangspunkt i kongeleg resolusjon av 13. mai 1785 om postsamband mellom Bjørgvin (Bergen) og Nidaros (Trondheim) kvar veke. Frem til då hadde postgangen vore sein og svært usikker. For å oppnå ein så sikker transport som råd vart det bestemt at posten i hovudsak skulle gå over land. Då var det nødvendig med ein sikker veg. Arbeidet vart leia av generalveimester Georg von Krogh og varte frå 1790 åra til ut på 1800-tallet. Lokale bønder utførte arbeidet, medan vegingeniørar stakk ut vegen.

Etter dette og til siste del av 1830 åra låg vegbygginga brakk pga krig og uår. Mot 1840 åra auka den statlege aktiviteten og dermed også postmengda. En del strekningar vart endra eller lagt om. I 1868 vart vegen nedklassifisert til bygdeveg. Då hadde dampbåten i stor grad tatt over posttransporten.

Postveien skiller seg fra andre bygdeveier på flere måter: Nasjonale interesser overkjørte ofte de lokale, veien skulle ta snareste vei gjennom bygda uten å ta særlig hensyn til gårdenes beliggenhet. Veiingenørene hadde med seg mellom-europeiske idealer når de stakk ut veien. Dette ga seg ofte utslag i rette strekninger som tok mer hensyn til virkningen på et kart enn til vestladsnaturens topografi. (hentet fra "Den Trondhjemske postvei, registrering 1994, Lars Dalen)

På denne turen vil du også kunne oppleve et påbegynt riksveianlegg fra 1930 årene. På Herdalssida vil du bl.a. kunne se restene av anleggsbrakker og et påbegynt tunnelinnslag. På Ljøensida står det igjen noen fantastiske tørrsteinsmurer. Anlegget er både dramatisk og svært beskrivende for eldre veibygging. Her kan du se hele arbeidsprosessen, fra halvsprengt berg, uferdige murer med grov stein i bakkant, til konsis og fint pukka veibane, klar til gruslegging. Prosjektet ble oppgitt etter krigen pga rasfare og at veien dermed ikke ville kunne holdes åpen vinterstid.

Som en forlengelse av norsk veihistorie, avsluttes turen ved et nytt og moderne veianlegg ved Ljøen. Her har Statens Vegvesen bygd en storslått utsiktsplattform med tilhørende parkeringsplasser. Her vil du kunne nyte utsikten inn Geirangerfjorden og ut Storfjorden.

Adkomst og parkering

Parker på stor opparbeidd parkeringsplass før Ljøentunellen i Herdalen. Parkeringsplassen er tydeleg merka med skilt frå fylkesvegen frå Stranda. Stikk ut-turen er ein overgangstur, så du må sikre deg transport frå utgangspunktet.

Løype på kart

Lengde i km
Total lengde rundtur (km) 7,84
Stigning Meter Grader
Total stigning 458 Høydemeter

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Svein Lunde 11
Gisle Aaland 5
Lone Tødenes 4
Emilia Kaminska 4
Kristoffer Tødenes 4
Thea Tødenes 4
Malgorzata Dymek 3
Ingebjørg Fivelstad 3
Lars Fivelstad 3
Fred Cato Jøsok 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. oktober 2
26. oktober 5
21. oktober 2
20. oktober 6
19. oktober 5
15. oktober 1
13. oktober 6
12. oktober 1
11. oktober 2
9. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: