Møllsvatnet

Stranda
158
Besøk
5
km rundtur
blå

Kort om turen

Møllsvatnet ligg i Gråsteindalen. Det er ein fin tur i lett stigande terreng opp til det idylliske vatnet. Ruta passerer forbi ulike kulturminner i form av gamle setermurar. Turen er familievennleg og oppe ved vatnet er det fint å både raste og ta seg eit bad.

Turbeskrivelse

Turen startar ved parkeringsplassen på Korsmyra, det høgste punktet på vegstrekninga Eidsdal-Geiranger. Frå Korsmyra fylgjer ein traktorvegen på venstresida av elva innover Gråsteindalen. Etter 2 km på traktorveg i lett stigning krysser ein elva ved hjelp av ei bru. På andre sida av elva går råsa vidare oppover i litt brattare terreng i 500 m før ein kjem opp til vatnet. Postkassa står like ved vatnet, men ein må gå over steindemninga som ligg over den vesle grova. På kartet er det teikna ei alternativ rute tilbake til Korsmyra. Ruta går på andre sida av elva, er merka, går i slak nedoverbakke og ein møter igjen traktorvegen lenger nede etter ei brupassering.

Kulturminne

Grandesætra ca. 200 m etter start, på venstresida av traktorvegen, murar etter sel, fjøs, og torvløer.
Grandegråsteinsætra, før ein kryssar elva etter ca 2 km ser ein murane oppe til venstre.
Gråsteinsætra, ca 2km etter start, rett etter kryssing av elv. Berre murane står att.
Møllsvatnet. Demning etter regulering av vatn, Møllsbygda Kraftverk, i drift frå 1926-1960.
Møllsætra: Om ein går alternativ rute tilbake kan ein sjå igjen murane frå denne sætra til venstre før ein kjem ned igjen på traktorvegen.

Adkomst og parkering

Korsmyra. 620 moh. 9km frå Geiranger sentrum og 16km frå Eidsdal sentrum. god plass til parkering.

Korsmyra. Ingen avgift.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 5
Lengde en vei (km) 2,5
Total lengde rundtur (km) 5
Stigning Meter Grader
Total stigning 238 m Høydemeter

Offentlig transport

Buss to gongar per dag.
www.fram.no

Kart

Tafjordfjella 2533 og Turkart Stranda Kommune

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Marie Maråk 3
monika aarset 2
Marita Åkernes Rimereit 2
Gullbjørg Harsjøen Helle 2
Anja Marie Holstad 2
Sølvi Øyen 2
Thea Sekkesæter 2
peik aarset 2
Anita Utgård 1
Bjørn-Oscar Kløvning 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. oktober 1
27. oktober 1
24. oktober 2
13. oktober 1
6. oktober 1
30. september 2
28. september 6
27. september 3
25. september 1
24. september 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: