Grøthornet frå Vasskummen

Sula
1410
Besøk
6
km tur/retur
blå

Kort om turen

Praktfullt utsyn mot Ålesund, Nordøyane og utover havet. Sjå spora etter turbinrøyra (røyrgata), og demninga som ein gong supplerte Devold med straum. Om du går turen ein søndag eller ein annan raud dag, så kan du raste på Vonhytta og kjøpe varm drikke i kiosken.

Grøthornet, 650 m.o.h.

Turbeskrivelse

Godt tråkka rås som følger røyrgata til den gamle kraftstasjonen på Devold. Råsa er bratt og steinete, men er grei å gå.
Råsa passerer knutepunktet på Gamlestølen der Vonløypa kryssar råsa, her går turen vidare rett oppover. Du kan også følgje Vonløypa som er ein turveg, opp til Vonhytta.
Etter kvart så kjem du opp til «demma» ved Molværsvatnet, demninga står enda som eit symbol på den store påverknaden industrien og spesielt Devold har hatt på Sula si historie.Eit lite stykke over demninga passerer du Vonhytta, som er eit flott rastepunkt på turen. Stien som går mot venstre oppover fører til Vardane, du må derfor gå bak hytta og følge stien som går videre utover fjellet til Grøthornet.

Kulturminne

Dei fleste hyttene i området nedanfor Vonhytta kom opp i mellomkrigstida. Den tida fungerte framleis kabelheisa til Devold som vart brukt ved bygginga av demninga til Molværsvatnet.
Informasjon om kraftstasjonen og demninga finn du her: www.devoldfabrikken.no
Vonhytta vart reist på dugnad i 1934.

Adkomst og parkering

Vasskummen (lokalt namn) i Langevåg. Du kjem til Vasskummen ved å følgje Molværsbrauta heilt til endes.
Kryss elva ved Vasskummen og følg råsa «Breivegen» rett oppover fjellet.


Gode parkeringshøve ved Vasskummen.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 6
Lengde en vei (km) 3
Stigning Meter Grader
Total stigning 570 Høydemeter

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Cristina Knutsen 35
Andreas Knutsen 27
Roger Sandvik 25
Peter Andreas Fjørtoft 18
Kirsti Brautaset 13
Synnøve Molvær Vågnes 13
Nicoline Knutsen 12
Otto Salen 12
Per Magne Blomvik 9
Torunn Veddeng 8

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. oktober 2
26. oktober 8
25. oktober 3
21. oktober 1
20. oktober 11
19. oktober 7
18. oktober 6
17. oktober 6
15. oktober 2
14. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: