Mausavatnet rundt

Sula
3820
Besøk
3,4
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Mausavatnet er eit idyllisk vatn med opparbeida asfaltert gang og sykkelveg langs eine sida av vatnet og grusa turveg på den andre. Dette gir moglegheiter for ein flott rundtur i variert terreng og vegetasjon.

Det er ein god parkeringsplass med toalett i nordenden av vatnet like etter avkøyringa frå hovudvegen, og ein flott opparbeida badeplass -Bakkevika - med toalett og grillmoglegheiter på nordaustsida av vatnet.

Turen rundt vatnet er og eigna for: Barnevogn, rullestol med hjelpar, sykkel

Turbeskrivelse

Dette er ein tur rundt eit koseleg vatn og turen går for det meste er på grusa turveg eller asfaltert gang og sykkelveg. Rundturen er på om lag 3,4 km. Terrenget er relativt flatt på gang og sykkelvegen på vestsida, men er litt meir småkupert på turvegen i skogen i aust.

Området er variert med opne områder i vest og områder med furuskog på austsida. Det er sett opp nokre bord og benkar langs turvegen.

Bakkevika badeplass er ein flott badeplass med ei lita sandstrand og toalett, bord og grillmoglegheiter.


Andre turmålMed Grova eller Eikrem som utgangspunkt er det skogsveg opp til Rollonhytta. Derifrå kan ein gå vidare på sti til Taustua eller utover Sulafjellet.

Adkomst og parkering

Mausavatnet ligg på sørsida av riksveg 61 mot Sulesund. Kjem ein i frå nord (Ålesund) køyrer ein gjennom tunnelen like før Mauseid. Vidare forbi avkøyringa til Langevåg og inn på den neste avkøyringa til høgre. Der følgjer du vegen mot venstre slik at du køyrer inn i ein kort tunnel/overbygg under hovudvegen. Parkering og toalett er til venstre med det same du kjem til vatnet etter omlag 100 meter frå avkøyringa.

Det er to buss-stoppar som er aktuelle; Grova som er på Nordvest sida av vatnet (mot Ålesund). Dette er kortaste buss stoppen om ein skal til Bakkevika badeplass, eller Eikrem som er på Sørvest sida av vatnet. Begge buss stoppane er eigna som startpunkt for Mausavatnet rundt eller for å gå opp mot Rollonhytta og Sulafjellet

Opparbeida parkeringsplass ved nordvestenden av vatnet på Eikremsvegen. Det er toalett ved parkeringsplassen.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 1,8
Lengde tur/retur (km) 3,4
Stigning Meter Grader
Total stigning 150 Høydemeter

Offentlig transport

Buss
www.frammr.no

Kart

Turkart over Ålesund - Statens kartverk - utgjeve 2000

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Laurits E. Måseidvåg 173
Marianne Øyen 63
Eva Hilde Blomvik 61
Per Magne Blomvik 55
Anita Vasset Eikrem 50
Kåre -Gunnar Haugen 40
Frank Øyen 35
Anna Kristin Meek Strand 34
Cristina Knutsen 29
Anita Brathaug 28

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 7
30. oktober 9
29. oktober 10
28. oktober 3
27. oktober 9
26. oktober 18
25. oktober 4
24. oktober 9
23. oktober 11
22. oktober 5

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: