Bjøråskaret, Todalen

Surnadal
159
Besøk
15,49
km tur/retur
rød

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 15/6. Det vil vera snø det siste stykket av turen til langt utpå sommaren.

Kort om turen

Målet for denne turen er vakre Bjøråskaret, 1178 meter over havet, på grensa mot Innerdalen og Sunndal kommune. Høgdepunktet på turen er når du kjem opp i toppen av skaret, og fjellheimen med blant anna Innerdalstårnet, Trolla og Skarfjellet stig opp i synsfeltet.


NB! Stikk UT!-kassen står på ein fleire meter høg stein eit stykke nede i skaret. 

Turbeskrivelse

Følgj godt merka sti i retning Bjøråskaret og Innerdalen. Det er ganske jamn stigning heile vegen, og ein merkar derfor ikkje så godt høgdemetrane ein forserer. Denne turen manglar altså dei stupbratte bakkane ein gjerne møter på toppturar. Turen går i storslagen natur. Mellom anna er det ei oppleving å gå opp skaret langsmed det mektige Skjerdingfjellet. Oppe på toppen av Bjøråskaret, 1178 meter over havet, ventar ein storslagen utsikt over Innerdals- og Sunndalsfjella. Den som framleis ikkje er førnøgd med dagen, kan gjerne forlenge turen opp til toppen av Skjerdingfjellet eller Snøfjellet.

Adkomst og parkering

Køyr Todalsvegen innover mot Todalen. Etter å ha kryssa elva ved Bruset, fortsett du innover etter Markavegen. Etter ca. 2 km held du mot høgre og inn på Dalavegen. Køyr så vidare i ca. 3,7 km. Der er startpunktet for stien skilta på høgre side av vegen. Parkeringsplass finn du på venstre side ca. 100 meter etter at du passerer skilta.

Like ved startpunktet

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 15,49
Lengde en vei (km) 7,74
Stigning Meter Grader
Total stigning 9 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Sidan dette turmålet ligg såpass høgt, må ein vanlegvis vente til rundt sankthans før den reine fottursesongen hit startar. Turen er likevel veldig populær som kombitur tidlegare på våren og sommaren. Da går ein det første stykket og tek skia på det siste. Etter snørike vintrar kan ein måtte gå på snø det siste stykket seinare på sommaren også, men da har snøen oftast festa seg og er fin å gå på.

Kart

Turkart over Trollheimen

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Gunnar Nilsen 3
gunnar hafsås 2
Elsa Hamnes Høvik 2
Hege Andersen 2
Arnhild Bergheim 2
Tore Valset 1
Mona Gjelstenli 1
Eldar Myklebust 1
Helen Nergård Tørset 1
Einar Lillegård 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
7. oktober 1
5. oktober 1
29. september 1
28. september 3
26. september 4
24. september 1
23. september 1
22. september 5
17. september 1
11. september 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: