Bølia, Bøfjorden

Surnadal
205
Besøk
7
km tur/retur
rød

Kort om turen

Toppen av Bølia ligg 703 moh. og byr på ein storslått utsikt i alle himmelretningar. Turen opp lia er bratt, men du kjem ganske fort opp til fine utsiktspunkt, noko som gir ei kjensle av at du stig ganske raskt. Du følgjer for det meste skogsveg og tørr, fin sti. Vi anbefaler å gå siste del av turen som ein rundtur om utkikspunktet Bøvardane.

Turbeskrivelse

Du startar frå parkeringsplassen på høgre side av vegen ved Orahaugen. Her finn du også informasjonstavler for turar i området. Gå oppover skogsvegen som startar på øversida av vegen. Denne følgjer du til den begynner å flate ut oppi lia. Der tek du inn på ein sti på øversida av vegen. Herifrå følgjer du stien oppover mot toppen av Bølia.

Kulturminne

Stien passerer stølen der Øvre Bøsetra låg før. Du kan sjå novsteinar etter seterhusa på bergeklakken vest for stølen. Seterdrifta her vart truleg lagt ned først på 1800-talet.

Adkomst og parkering

Frå Settemsdalen køyrer du ned mot Bøfjorden. I krysset på Settem svingar du mot venstre og køyrer vidare over Bøbrua til Bølandet. Når vegen kjem ned til sjøen og du har passert Samvirkelaget på høgre side, svingar du til venstre inn på Bøkleppvegen og fortsett utover til du kjem til Orahaugen. Her er det ein stor parkeringsplass på høgre side der du kan parkere.

Gratis parkering

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 7
Lengde en vei (km) 3,5
Stigning Meter Grader
Total stigning 670 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Fjordruta, Friluftskart for Surnadal

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Arnt Kjetil Bøe 7
Marta Aarnes 6
Øyvind Magnor Bøe 3
Arve Jørstad 3
Mari Ann Bævre 2
Lise Settemsdal 2
Bente Solem 2
Kjersti Langeland 2
Sissel lysø 2
Otto M. Johansen 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
26. oktober 2
21. oktober 1
20. oktober 1
19. oktober 1
16. oktober 1
13. oktober 2
11. oktober 1
10. oktober 5
5. oktober 4
4. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: