Blåtinden

Ulstein
184
Besøk
6,00
km tur/retur
rød

Kort om turen

Blåtind er den høgste toppen på Hareidlandet (697 moh). Det er fleire ruter som fører til topps, mellom anna frå Haddal og Løsetvatnet. Ruta som er skildra her, startar i Eiksund. Ein går eit stykke gjennom skogen før ein kjem opp på snaufjellet og har flott utsikt til fleire fjordar (Volda, Ørsta, Rovde, Vartdal), utsyn mot Sunnmørsalpane og når ein kjem på toppen er det også flott utsyn mot øyane på Ytre Søre Sunnmøre. Sunnmøre viser fram alle sine flotte sider,- fjord, fjell, øylandskap og hav!

Turbeskrivelse

Start ved Eiksund vassverk (sjå bilete). Stien er god, men kan vere litt utydeleg i starten fordi det er ein del høgt gras. Du følger god sti heile vegen til topps. Det er jamn stigning heile vegen. Etter ein knapp time kjem du ut av skogen og resten av turen går på snaufjellet med godt utsyn utover sunnmørsnaturen. Litt før Grøthornet deler stien seg. Stien som er merka med pålar går mot Eiksundsætra. Stien til Blåtinden går opp til venstre og det er denne du skal følge. Mot slutten finn du vardemerking til topps. Er de fleire på tur, kan de kanskje ta ei anna rute ned att og få ein rundtur? Turen som er skildra her har retur same veg som vi kom opp. Turen er omtala i boka "Fotturar på Sunnmøre"

Adkomst og parkering

Frå Volda/Ørsta: Køyr E39 til rundkøyringa i Furene, ta av mot Ulsteinvik og køyr gjennom Eiksundtunnellen (RV653). Like etter Eiksundbrua tek du av til høgre, køyrer mot den gamle fergekaia og svingar skarpt til venstre her. Du kjem til eit kryss der det m.a. er ein grusveg rett fram. Denne skal du følge eit kort stykke opp til Eiksund vassverk. Her er det plass til å parkere nokre bilar.
Frå Hareid/Ulsteinvik/Herøy-området: Køyr mot Volda/Ørsta (RV653) og ta av mot gamle Eiksund fergekai like

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 6,00
Lengde en vei (km) 3,00
Stigning Meter Grader
Total stigning 672 Høydemeter

Offentlig transport

Du kan ta buss til Eiksund: http://www.frammr.no/
Det er ikkje langt å gå til Eiksund vassverk frå busstoppen ved Eiksundbrua.

Kart

Ytre Søre Sunnmøre (kun få ex att som ein kan få hjå www.friluftsforeninga.no)

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Kenneth Breivik 6
Kenneth Muren 3
Anita Ringstad 3
Rune Thorholm 3
Margita Kathina 2
Mariann Birkhol 2
Ole johan Moldskred 2
Tordis Nerem Lydersen 2
Kari-Anne Sandvik Yksnøy 2
Kjetil Ringstad 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
14. oktober 2
12. oktober 1
11. oktober 3
8. oktober 1
7. oktober 3
6. oktober 3
5. oktober 3
4. oktober 1
1. oktober 1
27. september 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: