Gøtene, (Hokksteinen) Flø

Ulstein
953
Besøk
3
km rundtur
grønn

Kort om turen

Enkel tur i flott natur utmed havet i eit rikt kulturhistorisk landskap. Turen passar godt for barnefamiliar, og kan også gjennomførast med barnevogn og rullestol. Turen til enden av grusvegen og tilbake tek kring ein halv time og går mellom beite- og slåttemark.

Turbeskrivelse

Du startar ved enden av fylkesveg 25 på ytre Flø i Ulstein. Gruslagt veg i nordaustleg retning i flatt terreng ut mot Gotene. Etter om lag 1,5 kilometer sluttar grusvegen og ein kjem til ein port og får den karakteristiske Hokksteinen på høgre hand.

Kulturminne

Langsmed vegen er det fleire freda kulturminne. På heile strekninga ut til Gotane ligg det ni gravrøyser frå eldre bronsealder og jernalder. Nokre kan vere vanskeleg å sjå, men det er sett opp informasjonsskilt ved starten av turen.

Adkomst og parkering

Ytre Flø i bygda Flø i Ulstein. Frå Ulsteinvik køyrer du fylkesveg 25 mot Flø heilt til endes, knapt 10 km.

5-6 parkeringsplassar der grusvegen startar - ved enden av fylkesveg 25. Det er ikkje avmerka parkeringsplassar for bevegelseshemma, men sjølve turen er tilgjengeleg for rullestolbrukarar.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 3
Lengde en vei (km) 1,5
Total lengde rundtur (km) 3

Offentlig transport

På vekedagar går det rutebuss fem gonger dagleg til Ytre Flø. Rutetider finst på Frammr.no. (færre avgangar i skuleferie)

Spesielle forhold

Ein kan velje å gå same vegen tilbake, eller gå ein lengre tur i stadig meir ulendt terreng. Om ein held fram 500 meter etter porten, kan ein gå opp Ytreflødalen og den meir krevjande turen til Skolma (635 m.o.h.).

Kart

Turkart Ytre Søre Sunnmøre

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Margita Kathina 42
eli karin rise 28
Eva Leirstad 26
Tina Krogseth 12
Finn Jonsson 11
Solveig Ulstein 10
Sølvi mork Hauge 8
Tatyana Dobreva 8
Rune Leirstad 8
Tatyana Dobreva 7

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. oktober 1
27. oktober 5
26. oktober 11
25. oktober 4
24. oktober 1
22. oktober 1
20. oktober 2
19. oktober 4
18. oktober 4
17. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: