Lisjenotten

Ulstein
466
Besøk
1,28
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Turen til Lisjenotten er lett tilgjengeleg og kort, men gir samstundes ei flott utsikt over Ulsteinvik. På toppen er det plassert to benkar; alt etter om ein vil nyte utsikta over Ulsteinvik og øyane og holmane utover, eller mot Hasundhornet og innover. I området er fleire stiar opparbeida og merka, og ein kan gå vidare til Notten og Hasundhornet, eller gå turen innom Mininotten på veg nedatt, der ein også har ein benk ein kan kvile seg på. Denne ruta følgjer merkinga som er blå, og fører direkte opp til Lisjenotten og utkikspunktet. Turen opp er på ca. 15-20 minutt i roleg tempo, og så kan ein velje om ein vil gå same veg ned, eller følgje ein sti merka med raude sløyfer, eller gå vidare mot Notten og Hasundhornet.

Turbeskrivelse

Rett frå parkeringsplassen går ein skogsveg som du skal følgje eit stykke på vegen. På vegen vil du møte skilting i retning Hasundhornet, men for den kortaste ruta direkte til Lisjenotten følgjer du merkinga som er blå og skilt som er merka med Notten. Etterkvart kjem ein over i ein brei sti. Trestolpar er lagt over våte område. For den kortaste vegen til toppen, følgjer du skiltet som seier Utsikt. Like før toppen er det også festa tau som ein kan halde seg i i dei siste oppoverbakkane. Dette er ein flott tur gjennom skogen, som fører til eit flott utkikspunkt.

Adkomst og parkering

Frå Ulsteinvik sentrum følgjer ein Strandvegen austover. I første rundkøyring tek ein av og følgjer fv61 i retning Hareid. Her tek du av i første avkøyrsle i Sjukeheimsvingane. Her kan du parkere gratis, og samstundes fylle vatnflaska frå den opne vatnkjelda like ved.


Du parkerer i ei avkøyrsle ved fv61. Inga parkeringsavgift.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 1,28
Lengde en vei (km) 0,64
Stigning Meter Grader
Total stigning 90 Høydemeter

Flest besøk 2019

Navn Besøk
eli karin rise 5
Finn Jonsson 5
Tatyana Dobreva 4
Wenche Kristin Relling 4
Tatyana Dobreva 4
Kari Bente Sundgot 4
Inger-Marlen Møller 3
Edel Anne Baardseth 3
Stine Garshol 3
Mariann Birkhol 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. oktober 1
26. oktober 9
25. oktober 2
24. oktober 1
20. oktober 7
18. oktober 1
16. oktober 2
15. oktober 1
13. oktober 3
12. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: