Osberget nord

Ulstein
674
Besøk
1,9
km rundtur
grønn

Kort om turen

Turen til nordsida av Osberget er ei svært tilgjengeleg rute, der du får tilgang på flott utsikt. Nær turmålet er det også ein trollskog som er ein attraktiv leikeplass for barn.

Turbeskrivelse

Turen startar ved Bugarden, ovanfor Ulsteinvik sentrum. Du kan parkere på nedsida eller på oppsida av Tufteparken Ulstein, og herifrå gå på grusa turveg fram til sjølve Bugardsmyra. Her tek du til høgre oppover ret før gapahuken, og held fram på grusa turveg heilt til like før Mørdarbakken kjem på høgre side. Her tek du til venstre, og følger råsa mot nordsida av sjølve Osberget. Det fins fleire ruter og fleire utsiktspunkt i dette området, men du held mot høgre. Stien er blaut nokre stader, og det er tilrettelagt med kloppar somme stadar. Turkassa finn du ved utsiktspunktet som vender nordover mot Skeide og strandlinja der. Du kan velje å gå same veg tilbake, eller halde fram på råsa rundt Osberget. Du vil då møte på fleire flotte utsiktspunkt mot Osneset og mot sentrum. Om du held fram på råsa og held deg til høgre, kjem du til slutt inn på råsa som går forbi Tufteparken Ulstein, og kan følgje den tilbake til Bugardsmyra og tilbake til start.

Adkomst og parkering

Turen startar ved Bugardsmyrane i Ulsteinvik. Frå Hareid fv 61 mot Ulsteinvik, ta til høgre inn på Øvrevegen (skilta til Sunnmøre Folkehøgskule) og følg øvrevegen heilt til Bugarden. Frå Ørsta/Volda ta Eiksundsambandet mot Ulsteinvik sentrum. Følg Sjøgata, og ta så til høgre etter andre rundkøyring før Rådhuset, så til venstre på Kyrkjegata og opp Kyrkjebakken til høgre. Ta så til høgre i Gjerdegata, og følg Skulevegen og deretter Bakkegata og Vikebakkvegen fram til Bugarden.

Du kan parkere på parkeringsplass ovanfor Tufteparken Ulstein, ved start av turvegen til Bugardsmyra. Inga avgift.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 1,8
Lengde en vei (km) 0,9
Total lengde rundtur (km) 1,9
Stigning Meter Grader
Total stigning 50 Høydemeter

Offentlig transport

www.frammr.no

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Wenche Stokke 23
Finn Jonsson 19
Tatyana Dobreva 17
Tatyana Dobreva 14
Finn Jonsson 13
eli karin rise 8
Eva Leirstad 8
Berit Sandvik Skeide 6
Marita Moldskred Pedersen 6
Lillian Hjørungdal 6

Besøkslogg

Dato Antall besøk
29. oktober 1
27. oktober 2
26. oktober 9
25. oktober 2
24. oktober 2
23. oktober 1
21. oktober 2
20. oktober 4
19. oktober 3
18. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: