Helgehornet - langs vestryggen

Volda
758
Besøk
4,8
km tur/retur
blå

Kort om turen

Helgehornet har flott utsikt og er eit svært populært turmål for store og små. Denne ruta til topps er ny for dei aller fleste, og er eit godt alternativ til den vanlegaste ruta frå skytebana. Ruta er nyleg godt merka, så det er lett å finne fram. Stien går i fint terreng på ryggen mot Voldsfjorden. Her der det god utsikt særleg mot bygdene og fjella på vestsida av Voldsfjorden.

Turbeskrivelse

Start ved skytebana i Sollidalen. Du kan enten gå på sti frå parkeringsplassen ved leirduebana eller gå på skogsvegen som går parallelt litt lenger nede, t.d. dersom det er skyteaktivitet på bana.
Omlag 100 m før du kjem opp til skytebana ser du skogsvegen (mot vest). Ruta er godt merka og stien er tydeleg. Du går først gjennom triveleg bjørkeskog før du kjem i opnare lende og følger ryggen heilt til topps. Om du vil, kan du gå rundtur og følge "normalruta" ned att. Her er går dei aller fleste, så det er ingen problem å finne stien ned att.

Adkomst og parkering

Køyr E39 frå Volda mot Ørsta eller frå Ørsta mot Volda. Ta av til Berkneset/Mork rehabiliteringssenter (Berknesvegen) Ta av første veg til høgre (Furene), så til venstre og straks til høgre igjen (Håskjoldvegen). Køyr Håskjoldvegen heilt til du kjem til Kleiva. Køyr opp her. Like før du kjem til dei øvste gardane, tek du av på vegen som går til høgre og følger denne heilt til endes.
Det er skilta til skytebane/Sollidalen.

Parkering ved skytebana i Sollidalen

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 4,8
Stigning Meter Grader
Total stigning 403 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Spesielle forhold

Det er fleire ruter til Helgehornet. Den vanlegaste er frå Skytebana, der denne turen startar. Men dette er også eit kjekt alternativ: http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Helgehornet2. Alle rutene kan kombinerast

Kart

Sunnmørskart, norgeskart.no

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Berit Gjørven Håskjold 39
Mirsada Øye 30
Geir Finnøy 25
Torbjørn Nes 19
Magnus Eikrem 18
Kjetil Myklebust 13
Silje Kristoffersen Eikeset 13
Rebecca Colclough 12
Elisabeth Larsen 11
Marianne Lund 8

Besøkslogg

Dato Antall besøk
30. oktober 1
27. oktober 3
26. oktober 1
25. oktober 3
24. oktober 2
23. oktober 1
21. oktober 1
20. oktober 11
19. oktober 10
18. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: