Keipen

Volda
86
Besøk
6,55
km tur/retur
blå

NB! Stikk UT!-posten åpner ikke før 1/6.

Kort om turen

Keipen er ein kjegleforma topp og mange vil hevde at dette er eit av dei vakraste fjella i Volda,- særleg sett frå Bjørkedalen. Frå toppen er det fantastisk utsikt ned i Bjørkedalen. Turen går gjennom flott furuskog og seinare i ope landskap på stort sett god sti. Du passerer også nokre idylliske småvatn. Det er flott utsikt på heile turen

Turbeskrivelse

Starten på stien er merka med skilt til "Heida. Keipen". Det er god sti heile vegen opp til Heida. Ein går gjennom spanande furuskog, og brukar ein fantasien finn ein også furudyr. Frå Heida kan stien nokre plassar vere litt utydeleg, men du finn han att om du ser deg om. Like etter hytta på Heida, deler stien seg. Du skal følge stien som går rett fram. Du kjem straks til ei hytte som står til nedfalls. Her skal du gå på venstre side. Like etter kan det vere lett å misse stien, men du finn han att om du følger ryggen og han er også delvis merka med vardar. Det er sti også siste bakken mot toppen på ryggen mot vest, men han kan stundom vere litt utydeleg. Boka ligg ved varden yst ute på toppryggen. Nokre vil oppleve det som litt luftig å gå heilt fram til varden. Om du ikkje vil gå heilt fram, kan du sitte trygt på ryggen før varden og du har likevel flott utsikt! På returen opplever nokre at det kan vere vanskeleg å finne stien vidare etter hytta. Gå rett bak over eit berg, så vil du sjå stien. Det er også lurt å merke seg kvar stien er når du går opp.

Adkomst og parkering

Frå Volda tek du ferge til Folkestad og køyrer i retning Nordfjordeid (E39). Når du kjem til Straumshamn skal du følge vegen rett fram mot Fyrde (FV 651). Inne i fjordbotnen, like etter oppheving av 50-sona, finn du god skogsveg du skal følge opp til Lisjedalen. Han er merka med skilt "Brundalsstøylen". Det er greit å finne parkeringsplass i enden av vegen, der stien startar. Bompengar kr. 30,- (personbil).

Parkering der stien startar. Bompengar kr.30 for personbil (2013)

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 6,55
Lengde en vei (km) 3,27
Stigning Meter Grader
Total stigning 734 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Sunnmørsalpane

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Aase Elisabeth Meek 2
Kåre Johan Yksnøy 2
Stein Jarle Løvik 1
Sverre Ola Rotevatn 1
Are Uran 1
Audun Grimstad 1
Arnhild Fylling 1
Åshild Gjerde Fallgren 1
Kjetil Myklebust 1
Tone Jemne Grimstad 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
20. oktober 5
15. oktober 1
13. oktober 4
6. oktober 1
28. september 2
26. september 3
25. september 3
21. september 1
8. september 6
26. august 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: