Rotsethornet-Høgedalen

Volda
250
Besøk
9,3
km tur/retur
rød

Kort om turen

Rotsethornet ligg som eit landemerke i Volda, til forargelse for nokon og til glede for andre. Til forargelse fordi det skjermar for sola vinterhalvåret og til glede fordi det gir mange gode turopplevingar. Det vert hevda at du ikkje er ekte volding før du har vore på Rotsethornet. På veg mot toppen og på toppen har du flott utsikt mot Volda sentrum og områda rundt.
Turen går opp den bratte "framsida". Her må du rekne med å klyve litt. Frå toppen går du bakover og ned Høgedalen. (Du kan også gå ned att Lisjedalen som er den mest vanlege og den kortaste ruta.)
Det er lett å gå og ingen bratte parti, men ein flott tur gjennom bjørke- og furuskog. Stien kan vere litt utydeleg enkelte stadar, men han er delvis merka og ser du deg godt rundt, vil du nok finne han.Det er naturleg å ta matpause på toppen medan ein nyt utsikta.

Turbeskrivelse

Start ved tunnelopninga til Rotsethorntunnellen og gå på skogsveg over tunnelopninga og opp til Kalsethola. Her startar stien opp "framsida". Fyl du stien, går du trygt. Det er bratt opp gjennom lia her, men du får hjelp av kjettingar/tau og steg som er monterte i berget. På Aksla er det naturleg å stanse litt; dette er eit flott utsiktspunkt. Vidare opp mot toppen er det fortsatt litt bratt, men ikkje så bratt som det du har forsert til no.
Du får belønning når du kjem på toppen i form av flott utsikt over Volda. Her oppe er det fint å ta pause før ein går vidare bakover mot Høgedalen.
På turen bakover, passerer du Toskegjølet. Ver forsiktig om du går ut på kanten her - Det er langt ned!
Stien er tydeleg heilt til du kjem til første stiskilje (bilde 1. Posisjon: N62 07.533 E6 06.315). Stien rett fram går ned Lisjedalen, som er den mest brukte stien ned att. Du skal ta til høgre når du skal gå Høgedalen. Stien er litt utydeleg i starten, men han er merka. Gå på vestsida av ei lita myr og så austover når du har passert myra. Følg sti vidare austover. Neste stiskilje er Høgedalen/Humbersetsetra (bilde 2. Posisjon: N62 07.213 E6 06.999). Her er merka med skilt. Følg stien rett fram/til venstre og vidare på ryggen. Det er sti heile vegen og merka. Ei furu har ramla over stien der du skal gå ned mot for å kome ned til enden av skogsvegen i Høgedalen. (sjå bilde 3. Posisjon:N62 07.410 E6 07.697). Då er det berre å følge stien vidare ned til skogsvegen. Ruta her fyl denne vegen ned att til Rotevatnet, men du kan også gå rett fram frå enden av skogsvegen og kome over på den gamle skogsvegen. Denne kan du også følge ned til Rotevatnet. Dette er ein litt kortare variantFølg Rotevasstranda tilbake til start

Adkomst og parkering

Turen startar ved tunnellopninga på Voldasida til Rotsethorntunnelen (E39/RV651 mot Fyrde/Kvivsvegen)


Parker ved tunnellopninga til Rotsethorntunnellen

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 9,3
Stigning Meter Grader
Total stigning 661 Høydemeter

Offentlig transport

Ein kan ta Ringruta til Kiwibutikken ved ei rundkjøring ved Høgskulen og gå omlag 1 km mot Fyrde.
Det er elles fint å sykle til start

Spesielle forhold

Diverre har det skjedd dødsulukker på denne ruta. Dei har skjedd når turgåarane har komt vekk i frå stien. Held du deg til stien, er turen rekna for å vere trygg. Også born ned i 4-5-årsalder likar denne turen. Det er kjekt å få "klatre" litt, men dei bør gå i lag med trygge og turvande vaksne.

Kart

Sunnmørsalpane. Nærturkart for Volda

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Ragnhild Svensli 9
Anne-Marit Bae 7
Astrid Skare 6
Idar Arne Kristiansen 6
Runa Bakke 4
Ronny AR Iversen 3
Silje Kristoffersen Eikeset 3
Kine Zeiner 3
Elisabeth Larsen 3
Siri Solheim 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. oktober 1
26. oktober 2
20. oktober 5
13. oktober 3
12. oktober 1
11. oktober 1
7. oktober 1
6. oktober 1
5. oktober 1
4. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: