Tjønnebru

Ørskog
1370
Besøk
5,56
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Fin tur langs grusveg, passar godt for barnevogn og familiar på tur. Akslevollvatnet ligg vakkert til rett ved vegen. Når du kjem opp på Liasetra, er det ope kulturlandskap med god utsikt mot Sykkylvsfjella.

Turbeskrivelse

Denne turen er skildra frå Brauta i Solnørdalen. Du startar først i ein slakk nedoverbakke, for så å halde fram i ein litt tung motbakke. Mot aust har du fjellpartiet som heiter Knippingen. Når du kjem til eit vegkryss, skal du halde fram til venstre ettersom den andre vegen går til Sjøholtsætra. Etter å ha tilbakelagt ca. 1 km, er resten av turen om lag flat. Du går langs Akslevollvatnet og i området rundt er det mange hytter. Ein svak motbakke tilseier at du er komen til Liasetra. Like forbi siste hytta er det oppført ein flott gapahuk, Liahuken. Her er det bord, benkar og bålplass. Rett etter bommen tek du av til venstre og følgjer ny skogsveg ned til vatnet. Postkassa finn du ved brua over elva.

Adkomst og parkering

Frå Sjøholt sentrum følgjer du skilta veg til Solnørdalen ved Ørskog Samfunnshus. Du køyrer så knapt 3 km til du kjem til ein stor u-sving mot venstre. Då er du på Brauta. Stor parkeringsplass.


Løype på kart

Lengde i km
Fast grus 2,5
Lengde tur/retur (km) 5,56
Lengde en vei (km) 2,78
Stigning Meter Grader
Total stigning 83 Høydemeter

Offentlig transport

Nei

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Kjellaug Tolaas Høyvik 21
Karin Refsnes Sjøholt 14
Hilde Sjøholt 13
Elsa Langva 12
Stig Jonny Urke 12
Magni Ane Tomren 12
Anny Hauge 12
Tennfjord Synnøve 11
Tone Fylling 10
Oddrun Brautehaug 9

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 4
27. oktober 5
26. oktober 7
25. oktober 1
23. oktober 1
21. oktober 2
20. oktober 4
19. oktober 5
18. oktober 3
17. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: