Jarskar, rundtur Skarbø-Vestre

Ørskog
910
Besøk
6,3
km rundtur
blå

Kort om turen

På turen oppover mot Jarskar passerer du eit svært velholdt kulturlandskap, nydelege blomsterenger og hasselskog. Frå Jarskar har du flott utsikt over Storfjorden og Storfjellet på andre sida. Dette er ein idyllisk tur spesielt om ettermiddagen og kvelden. Turistskipa som går ut fjorden i kveldssola er eit imponerande syn.
Du kan gjere dette til ein fin rundtur ved å gå vidare etter rås og skogsveg til Vestre. Følg gangvegen tilbake til utgangspunktet.På nordvestsida av Storfjellet ser du Ramstaddalen og Søvika i Sykkylven. På sørsida av fjellet ser du dei tre Skotsgardane. Du ser også fjella innover langs Storfjorden: Solliåsen, Hallvardsfjellet, Jolgrøhornet og lengst unna Grøtet i Eidsdalen.

Turbeskrivelse

Parker ved Skarbø skule og gå opp i Skarbøfeltet. Etter ein skarp venstresving tek du av på ein skogsveg ganske bratt opp til høgre. På toppen av bakken går du til venstre forbi eit fint småbruk og held fram langs skogsvegen opp til postkassa som heng ved ei grind 1,7 km frå skulen. Her kan du snu om du ynskjer det, eller gjere turen til ein rundtur gjennom skogen på god rås / skogsveg over lia til du kjem ned på vegen på Vestre. Ta til høgre her og gå ned til hovudvegen. Følg gangvegen tilbake til Skarbø skule.

Adkomst og parkering

Følg riksveg 650 til Skarbø skule.

Ved Skarbø skule. Her er det god parkeringsplass på nedsida av vegen.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 3,2
Total lengde rundtur (km) 6,3
Stigning Meter Grader
Total stigning 160 Høydemeter

Offentlig transport

Buss mellom Sjøholt og Stordal. NB; - få turar pr. dag.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Anne-Marie Hanestadhaugen 147
Frank Hanestadhaugen 42
Inga Vaslag 24
Kristin Hallstensson 23
Kristianne Hanestadhaugen 22
Arnhild Sollied 21
Kirsti Lungård 13
Therese Stokke 12
Hilde Haugen 7
Svanhild Hegerberg 7

Besøkslogg

Dato Antall besøk
28. oktober 2
27. oktober 2
26. oktober 10
24. oktober 8
23. oktober 5
22. oktober 2
21. oktober 1
20. oktober 8
19. oktober 7
18. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: