Liafjellet

Ørskog
673
Besøk
7,8
km tur/retur
blå

Kort om turen

Ein variert tur på god, men til tider våt rås over myr. Du går gjennom skog, over små myrar og følgjer til slutt fjellet vestover med flott utsikt over Sjøholt sentrum og Ørskogvika. Går du her på ettermiddags/kveldstid, kan du i sommarmånadane ofte sjå turistskipa på tur ut Storfjorden frå Geiranger.

.

Det høgste punktet ligg lengst vest på den langstrakte ryggen. Frå toppen ser du Storfjorden med gardane på Ramstaddalen og Furstranda mot sør og vest. I sør og aust ser du Ørskogvika og deler av Sjøholt. I nordvest ligg Solnør og kommunesenteret Skodje.
Lenger unna ser du i aust toppane på Vaksvikfjellet og Ørskogfjellet og i nord ser du m.a. Frostadtinden.

Ørskog idrottslag har turpostkasse med bok til å registrere seg i på ein påle ved det trigonometriske punktet.

Turbeskrivelse

Turen går i starten gjennom furuskog og over små myrar med jamn stigning. Råsa er heile vegen tydeleg og når du nærmar deg skoggrensa, deler råsa seg, og du kan enten legge turen om den gamle arbeidsbrakka frå gruveanlegget (no ombygd til hytte og i privat eige), eller du kan halde fram rett vestover. Du er no ferdig med det meste av stigninga og kjem inn i Liafjellet naturreservat. Du held fram vestover fjellet på god rås og med flott utsikt, til det trigonometriske punktet.Liafjellet er ein langstrakt “topp” med myrar og berg og er eit turmål som også vert nytta av Skodjebygdarar, - som kallar fjellet Solnørfjellet. Eit anna namn er Liaveten, som fortel at det frå gamalt av har vore ein vete her, ein bålstad der det i tidlegare tider vart gjort opp eld for å varsle om ufred i landet

Adkomst og parkering

Ta av mot nord frå E 39 i Sjøholt sentrum, skilt mot Solnørdal. Følg Solnørdalsvegen i ca. 2 km., til du kjem til ein bakketopp med parkeringsplass.
Du finn råsa og turskiltet “Liafjellet” rett ved parkeringa, på andre sida av vegen.

Parkering ved fylkesvegen mellom Sjøholt og Braute i Solnørdalen.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 7,8
Stigning Meter Grader
Total stigning 310 Høydemeter

Offentlig transport

Du kan ta buss, td Timeekspressen til Sjøholt sentrum og gå ca 2 km. langs fylkesvegen mot Solnørdalen.

Spesielle forhold

Liafjellet har i fleire perioder vore sett på som interessant i høve utvinning av jernmalm. I sørsida av fjellet finnst fleire gruvegangar, dagbrot og restar etter den gamle gruvedrifta. Du finn meir om desse stadane i Ørskog idrottslag si bok "På tur i Ørskog".
Snøfritt frå midten av mai.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Magne Rødset 9
Roger Amdam 5
Sjur Olav Stakkestad 5
Marit Jørgenvåg 5
Katrine Kirkebøe 4
Elling Nakken 4
anette s. myklebust 3
jorunn uggedal strømmen 3
Anne Marthe Ekrem 3
Henning Sellevoll 3

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 2
26. oktober 2
24. oktober 1
23. oktober 1
20. oktober 6
19. oktober 2
18. oktober 4
17. oktober 1
15. oktober 1
13. oktober 8

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: