Skogsvegen på Tøssa

Ørskog
1218
Besøk
3,2
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Starten av turen går på god, brei skogsveg forbi bergknausar og gjennom stor, fin furuskog. Innimellom kjem det opnare parti med frodig lauvskog. Etter kvart får vi god utsikt over fjorden mot Ramstaddalen og Søvika, austover mot Prestevøren på Sjøholt og vestover mot Valle i Skodje kommune. Vi ser Langskipsøya rett nedanfor etter den første stigninga. Over høgdedraga er det god utsikt og vi ser utover fjorden og fjella. Utsikta er spesielt fin i starten over Tøssa og i enden av stien på Kleivane. På Kleivane er det eit nedlagt småbruk. Her er det panoramautsikt over fjorden og Sunnmørsfjella. Turen egnar seg godt for familietur med gode høve til blåbær- og tyttebærplukking i sesongen.

Det beste er å gå same veg tilbake. Alternativet er å gå rett ned på E 39 frå Kleivane, men her er det ikkje gangveg heile vegen tilbake til start.

Turbeskrivelse

Start ved busshaldeplassen aust for Tøssasvingen. Gå vestover langs gangvegen ca. 200 meter. Gangvegen går snart over i grusveg og etter vel 100 meter tek vi av til høgre og går langs god skogsveg som litt etter litt blir dårlegare. Skogsvegen slyngar seg raskt oppover og austover. Flott utsikt over fjord og fjell. Etter ca. 1,6 km kjem StikkUT-posten. Skogsvegen går over i ein tydeleg og god sti som går gjennom furuskogen fram til det opnar seg heilt opp og vi er på Kleivane. Her er det ein turkasse for Ørskog I.L. ca 100 meter oppover stien som går vidare til Liafjellet.

Adkomst og parkering

Ved E 39 5,4 km frå Sjøholt sentrum i retning Ålesund, i Tøssasvingen.



Ved busshaldeplassen aust for Tøssasvingen.

Løype på kart

Lengde i km
Asfalt 0,4
Lengde tur/retur (km) 3,2
Stigning Meter Grader
Total stigning 140 Høydemeter

Offentlig transport

Buss: Fram Ekspress, eller andre bussar t.d. Fjord1

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Annlaug Midtbust 46
Vegard Bergquist 21
Sylvia Nordlund Rørstad 10
Ingebjørg Brune 8
jorunn uggedal strømmen 7
Gunn Spidsøe 6
Stig Jonny Urke 6
Hilde Sørdal 6
Veronica Vestnes 6
greta skaue 6

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 1
28. oktober 3
27. oktober 10
26. oktober 2
25. oktober 1
24. oktober 3
23. oktober 5
22. oktober 1
21. oktober 5
20. oktober 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: