Snaufjellet

Ørskog
445
Besøk
11
km tur/retur
rød

Kort om turen

Middels tung tur på ca.11 km. tur/retur med god stigning frå ca 90 m.o.h. til toppen på knapt 900 m med start frå Giskemosaga. Følg merking til Lisetsetra og Snaufjellet. Ope og triveleg turterreng frå Lisetsetra på merka rås. Snaufjellet er også eit fint turmål på ski, og snøen kan ligge litt ut i mai over snøgrensa.Ein flott varde er mura opp like sør for høgste platået. Det er flatt og fint på toppen av Snaufjellet, men bratt mot nord. Her heng skavlar vinter og vår. Frå toppen er utsikta framifrå, søraustover mot Vaksvikfjella, Stordalsfjella og Stranda sentrum. Vidare ser ein fleire av dei kjente fjella i Hjørundfjorden og i vest mot Ålesund og øyane utanfor.

Turbeskrivelse

Start på Giskemosaga like ved fylkesvegen over Giskemo, rett sør for brua på Valgermo. Følg skilting til Lisetsetra og Snaufjellet. Starten går på traktorveg opp gjennom tett granskog. Elva Øyagrova kan vere litt vanskeleg å passere i mai når snøen smeltar. Merkepinnar viser vegen frå Lisetsetra og vidare opp mot toppen. Frå Lisetsetra er terrenget ope med god utsikt. Returen kan ein gjerne gjere i retning Høgsætra slik at du får ein fin rundtur. Da må du følgje ryggen ned mot tovardane før du tek av mot Høgsetra. Frå Høgsetra er det merka tilbake til Giskemosaga. Det lettaste er å gå same veg tilbake til Lisetsetra og Giskemosaga.

Adkomst og parkering

Ta av frå fylkesveg 103 Giskemo på sørsida av brua over Ørskogelva. Veg til Giskemosaga og lunneplass. Skilta mot Lisetsætra, Høgsetra og Snaufjellet.

Giskemosaga

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 11
Lengde en vei (km) 0,00
Stigning Meter Grader
Total stigning 791 Høydemeter

Offentlig transport

Fram ekspress til Valgermo.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Frank Hanestadhaugen 14
Arild Holmeide 5
Magne Tomren 3
Jon Haraldsvik 2
Xiomara Alize Spakmo 2
Edel Anne Baardseth 2
Tove Brakstad 2
Andreas Engeskar 2
Kjartan Ã…rdal 2
Elin Holmeset 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
27. oktober 1
26. oktober 3
24. oktober 1
21. oktober 1
20. oktober 7
19. oktober 1
18. oktober 1
16. oktober 1
15. oktober 1
14. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: