Steingardsvatnet

Ørskog
257
Besøk
8,95
km tur/retur
blå

Kort om turen

Steingardsheia er eit særprega fjellområde med eit hylle- eller benkepreg. Rett nord for fjellfoten til Høgsvora ligg Steingardsvatnet som dels er avgrensa av ei stor morene eller steingard som har gitt namn til området. Snøen kan ligge lenge.Vatnet er eit fint utgangspunkt for turar i mange retningar. Innover heia ligg det fleire småvatn. Her kan du få flotte naturopplevingar. Ein sommarkveld ved Steingardsvatnet gløymer du ikkje så lett.

Turbeskrivelse

Start frå Stortrøna i Landedalen. Gå herifrå, eller køyr bomvegen fram til brua i Kvanndalen. Dei fleste køyrer frå til brua i Kvanndalen. Gå grusvegen vidare inn til Kvanndalsetra. Her står det nytt skilt til Steingardsvatnet. No ser du Steingardsheia rett framfor deg. Følg merkepinnar vidare ned over myra, over ei bru og vidare opp mot Steingardsheia. Råsa følgjer ryggen oppover med god stigning gjennom furu- og bjørkeskog. Råsa går vidare over litt bart fjell og gjennom lav fjellbjørk. Gå i retning mot Høgsvora, inn i eit dalsøkk og ei tydeleg "hylle" i terrenget. Hald retninga mot sør og foten av Høgsvora. Etter kvart ser du "steingarden" som avgrensar nordvestsida av vatnet. Oppe på denne ser du Steingardsvatnet og finn postkassen. Turen er også fin å gå med utgangspunkt frå Haugsetra på Ørskogfjellet, sjå boka "På tur i Ørskog."

Adkomst og parkering

Ta av frå E39 ved Stortrøna i Landedalen 5,4 km nord for Sjøholt. Stor parkeringsplass på søraustsida av vegen. Her finn du turskilt mot Kvanndalsætra, Giskemonibba, Steingardsvatnet og Postvegen.

E39 ved Stortrøna i Landedalen 5,4 km nord for Sjøholt. Bompengar.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 8,95
Lengde en vei (km) 4,48
Stigning Meter Grader
Total stigning 442 Høydemeter

Offentlig transport

Ja, Timeekspressen køyrer forbi kvar time i begge retningar.

Spesielle forhold

Snøen kan ligge til godt ut i juni på deler av råsa.

Kart

Ørskogfjellet

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Kjartan Ã…rdal 3
Ann Kristin Lundgren 3
Tor Arild Malin 2
Lars Tore Nerbøvik 2
TORE GISKEØDEGÅRD 2
Helene Fjørtoft 2
Kjersti Blindheim 2
Janne Aamelfot 2
Magne Rødset 2
Sunniva Fjørtoft 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
20. oktober 7
19. oktober 3
16. oktober 1
13. oktober 4
10. oktober 3
8. oktober 1
7. oktober 3
6. oktober 2
5. oktober 4
4. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: