Sledalen-Bakkedalen

Ørsta
88
Besøk
7
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Fin tur i lett terreng mellom dei 2 sætredalane Sledalen og Bakkedalen. Passar godt for barnefamiliar.
Høgaste punktet er på Skjerva ( 405 m.o.h ), der det er turbokkasse.Ruta er merka med raudmala pinnar i trea i skogen og med raudmala trestolpar nedslått i marka i ope og myrlendt terreng. Det er også mala raudmaling på nokre steinar. Noko tett fonnskog eit stykke, men er godt rydda no.

Kulturminne

Gamle sel på Støylane både i Sledalen og Bakkedalen.
Tett ved Skjerva kan ein ta ein liten avstikkar til Bjønnafurua.

Adkomst og parkering

Dersom ein skal starte i Sledalen , tek ein av ved kufella framom Skjåstad og køyrer ca. 3,5 km på bra bilveg opp til sommarfjøsen på Bjørkestøylen. Kr. 30 i bompengar. Her kan ein parkere i området rundt fjøsen. Så går du ca. 700 meter på traktorveg på oppsida av dyrkamarka før du kjem til eit skilt som viser starten på den merka råsa til Bakkedalen.
Dersom ein skal starte i Bakkedalen, køyrer ein forbi skulen på Bjørke, for så å svinge til venstre mot Finnes. Køyr ca. 2,5 km til Finnes for så å ta av oppover grusveg mot Bakkedalen. Bompengar kr. 45 som du betalar litt oppom gardane på Finnes. Ved enden av Bakkedalsvatnet ligg Bakkedassætra. Her kan du parkere ved sommarfellesfjøsen som ikkje lenger er i bruk. Den merka ruta mot Sledalen startar i vegkrysset rett oppom første hytta på Støylen.

I Sedalen kan du parkere ve sommarfellesfjøsen. Hugs å ta omsyn til at det er drift på sætra frå juni til september.
I Bakkedalen kan du parkere ved sommarfellesfjøsen.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 7
Lengde en vei (km) 3,5,
Stigning Meter Grader
Total stigning 50 Høydemeter

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Valborg Hustadnes 2
Randi Cesilie Smehus Kringstad 2
Kåre Johan Yksnøy 2
Bjørg Lappen 1
Kristin Hide Truelsen 1
Svein Brurås 1
Amanda Bergstrøm Aarnseth 1
Stig Grevsnes 1
Anita Welle 1
Elisabeth Larsen 1

Besøkslogg

Dato Antall besøk
26. oktober 1
24. oktober 2
23. oktober 1
21. oktober 1
10. oktober 1
6. oktober 1
5. oktober 2
28. september 2
23. september 2
8. september 2

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: