Husbysetra, Eresfjord

Nesset
633
Besøk
1,80
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Denne truren fører deg til ein gamal seterstøl med dramatisk historie. Ligger på vestsida av Eresfjord. God utsikt over bygda, mot Skjorta og Goksøyra. Dette er ein kort og fin tur.


 

Turbeskrivelse

Du startar turen ved den vesle avkøyrselen ved Sirareitsetra på Vistdalsheia. Like ovanfor lysløypa og skisentret. Følg blåe merkepålar, først over ei lita trebru/treklopp og vidare i flatt terreng bortover og under kraftlinjemasta. Derifra følgjer du ein slags veg med gamle hjulspor eit godt stykkje bortover.  Det er litt blautt her og der. For å gjere det lettare å kome seg over to bekkar går du ned til lysløypetraseen, følgjer denne over brua og opp ein liten bakke. Deretter tar du av til venstre over ei lita treklopp inn på myra. Herifrå ser du den første seterbua. På Husbysetra er det i dag 4 slike buer/hytter, pluss fleire steinmurar og restar etter dei gamle seterbuene.


Ein alternativ veg tilbake er å gå ned til lysløypa og følgje heile traseen rundt tilbake der du har parkert. 

Adkomst og parkering

Kjem du via Eidsvåg følgjer du riksveg 660 til Eresfjord og tar opp på Vistdalsheia, retning Åndalsnes. Parker ved Reitasetra på Vistdalsheia. Litt lenger ned, ved skisentret og lysløypa er det større parkeringsplass.

Kjem du via Vistdal, følg rv 660 opp på Vistdalsheia og eit stykke ned att mot Eresfjord. Parker ved Reitasetra eller ved lysløypa / skisentret.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 1,80
Lengde en vei (km) 0,90
Stigning Meter Grader
Total stigning 7 Høydemeter

Offentlig transport

Ingen

Spesielle forhold

Du møter det første kulturminne der du parkerer. Reitasetra / Siarareitsetra er ei lafta bu med fjøs under. På Husbysetra var det 5 gardsbruk som setra. Nokre av dei er bygd med høge steinmurar, med fjøs under og lafta setrebu oppå. På sletta under seterstølen der lysløypa går, var det fleire utløer. To av dei ser du også i dag. Husbysetra har fleire gonger vore øydelagt av snøfonner, storm og sterke fallvindar.
Det vart slutt på setringa først på 1960-talet. I dag går det noen geitebukkar der.

Kart

Norge-serien 10078 Sunndalsøra

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Gunn Øyen 10
Aud Jorunn Hanset 6
Nanna Bugge 4
Rigmor Gjerde Nerland 4
Inger Lange 4
Karine Kvernberg Toven 3
Turid Bjørsnøs 2
Lima Assani 2
Einar Henøen 2
Paul Ellingvåg 2

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 1
28. oktober 2
26. oktober 2
24. oktober 1
21. oktober 1
20. oktober 7
19. oktober 1
18. oktober 3
13. oktober 1
12. oktober 1

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: