Remmevegen Hildre

Haram
1138
Besøk
10
km tur/retur
grønn

Kort om turen

Denne turen er ein veldig fin tur for store og små. Langs vegen kan ein pårekne å sjå mykje dyreliv, både domestiserte dyr og ville. Er ein riktig heldig kan ein sjå havørna som siglar over himmelen. Det er kort veg ut til Bjørnøya frå Gamlem, med kystfortet frå andre verdskrig. I andre enden er det lett adkomst til Hildredalen, som gir mange turmoglegheiter. Langs Remmevegen er det sett fram rastebenkar med bord, samt ein gapahuk som er open for alle. I enden ved Gamlem finns ein dam, kor det er skeissebane om vinteren dersom forholda ligg til rette. Ved godt snødekke er det skiløyper langs Remmevegen om vinteren, men snøen ligg diverre ikkje så lenge i området. På Risneset finn ein ei flott sandstrand med fine bademoglegheiter, og på Brendehaugen er det sett fram benk på utkikkspost. Helselaga Gamlem og Søvik plar arrangere Hjartemarsj langs vegen kvart år.

Ein må pårekne å møte hesteekvipasjar langs vegen, då det er ein tur- og ridesti. På vegen ligg også stallanlegget Stall Stene. Ein finn også fleire fjøsanlegg langs heile vegen. Dei ulike gardane har forskjellig drift, og ein kan rekne med å møte mange ulike dyreartar som kan vere spanande for dei minste å sjå. Dersom ein har hund må ein ta omsyn til at stien er mykje brukt av store og små, og at det går dyr utandørs heile året. Hald difor hunden i band.

Turbeskrivelse

Ein kan velje om ein vil starte turen frå Hildre eller frå Gamlem, eller på midten frå Risneset. På Risneset finn ein ei informasjonstavle. Ingen vanskelige eller bratte parti, og det er ikkje vanskeleg å følgje vegen dit ein skal, sjølv om det er mange gardsvegar som kryssar stien.

Det er fint heile året, og du kan gå med joggesko. Vegen er gruslagt og tørr heile vegen. Ikkje spesielt tilrettelagt for menneske med funksjonsnedsetting, men det er lett framkomst grunna den gode kvaliteten på vegen. Det er bru over ei elv som kryssar vegen, ho har ikkje rekkverk og er ganske smal. Elva er ikkje djup.

Kulturminne

Langs heile vegen er det sett opp informasjon om gamle stadsnamn og historier knytt til desse namna og gardane som ligg der.

Det er kort veg ut til Bjørnøya Kystfort.

Adkomst og parkering

Ein kan ha start frå Gamlem (62.576017, 6.272367) eller Hildre (62.601782, 6.332721). Det er også parkeringsmoglegheiter på Risnes, midt mellom startstadane.
Ingen bompengar.
Du må gå fram og tilbake.

På parkeringsplass enten på Hildre eller Gamlem. Ingen parkeringsavgift.

Løype på kart

Lengde i km
Lengde tur/retur (km) 10
Lengde en vei (km) 5

Offentlig transport

Rutebuss i Haram.
Fjord1 rute nr. 231

Kart

Treng ikkje kart

Flest besøk 2019

Navn Besøk
Lidvar Bjørnøy 66
Marianne sjåstad 43
Gullborg Eide Bjørnøy 33
Tove Hege Farstad 20
Emilie Hurlen 19
Toril Gamlem 19
Sigmund Lønset 12
Elsebet Bjørnøy 12
Linda Flem Stavik 11
Mary Grytten 11

Besøkslogg

Dato Antall besøk
31. oktober 3
29. oktober 5
28. oktober 1
27. oktober 1
26. oktober 6
25. oktober 2
24. oktober 5
23. oktober 1
21. oktober 2
20. oktober 7

Turer i nærheten

Hovedsponsor:

Samarbeidspartnere: